lørdag 23. oktober 2010

Ein laurdagsmorgon i nokon si framtid

I dag fann eg ut at Jamie Cullum si stemme passar perfekt til laurdags- og søndagsmorgonar når du ein gong i framtida skal steikje pannekaker og har ein mann og nokre ungar som ligg og søv ein annan stad i huset, ogso når "What a Difference a Day Made" e midtveis, so kjeme mannen din og overraskar deg med å halde armane rundt deg og syngje "... and the reason is you" inn i øyret ditt ilag med CDen ogso gløymer du pannakaka ei lita stund, som visst blir ei litt lang stund, slik at akkurat den pannekaka blir ekstra mykje steikt, og so seier du til mannen din at "Neste gong må du hugse å skru ned varmen før du overraskar meg sånn!".
So delar dokke den svidde pannekaka og du veit at han aldri kjem til å hugse på det, og at det e du glad for, for det e den pannekaka som smakar best.

Translatoin: Perhaps someday you'll stand in the kitchen making pancakes while your husband and children are alseep, and listen to the voice of Jamie Cullum, and then when "What a Difference a Day Made" is half-way, your husband surprises you by putting his arms around you and singing "... and the reason is you" into your ear, and then you'll forget the pancake for a little while that turns into a longer while, and when you get back the pancake is close to burnt, and you say to your man that "You have to remember to turn down the oven next time!".
Then you split the it between you and you know that he'll never remember it, and you're happy to know that, because it is exactly that pancake which is the best.

fredag 22. oktober 2010

Eit månebarn

Fordi eg tykkjer de bør høyre på den

Translation: Because I think you should listen to it.

torsdag 21. oktober 2010

Om å la vere å ta på skjerfet når det snøva

I dag snøva det sånn fint og lett, sånn at ein nesten ikkje kjende fnugga (med mindre ein gløymde (eller lot vere) å ta på seg skjerfet sånn at dei traff midt i halsgropa). Ogso snøva det gjennom trea til og med, sånn at vi fekk snøglitter i håret, og pusekatten sitt finefine hår fanga det på akkurat ein sånn måte Hausten si dotter fanga snøfnugga som eldstesonen til kong Vinter bles på ho.

 

Translation: The snow falling from the sky today was so light that one didn't notice it, unless one forgot (or didn't want) to wear a scarf. Look how wonderfully one of my friends' hair captured the snowflakes! Her hair is so beautiful.

onsdag 20. oktober 2010

Vinterhaust

I natt sneik eldstesonen til kong Vinter seg ned til bakken og møtte ei av døtrene til Hausten. Eg såg spora deira etter at dei hadde dansa over fjellsidene saman, for dei dansa so fort at skogen ikkje klarte å bestemme seg for kem so va sist borti den.

Translation: Last night, the elder son of King Winter went down to the earth to embrace one of Autumn's daugthers. I saw the traces from their dancing at the hillsides.

tirsdag 19. oktober 2010

mandag 18. oktober 2010

Fyrste dag etter haustferien

Inneheldt ein pøse pukka-love-te, og eplete so' ho vakraste hadde med frå Tyrkia,
eit kvitprikkete silkeskjerf frå Olsoturen i fjor haust,
engelsklekse, tesmaking og raud neglelakk,
og musikk (Maskineri (Kaizers Orchestra) og To Sing You Apple Trees (Rockettothesky)) frå biblioteket,
og eit istekartong-kutt på nasa som ikkje ville vise seg på bilde.

Translation: My first day after the autumn break considered of tea (one of them from Turkey!), a polkadotted scarf, red nailpolish, English homework, and Norwegian music from the library.

søndag 17. oktober 2010

Kort med englar på

Sånn ser samlinga mi ut so langt:

Translation: This is how my collection of angel cards look like right now.