lørdag 9. oktober 2010

Om å gjere tehylla om til teskåp

I dag va eg faktisk i rydde-vaske-og-ordne-humør. So opna eg skåpet der tehylla vår va, og fann ut at eg skulle rydde ut alt saman, både terelaterte ting og ikkje-terelaterte ting. Omlag sånn såg det ut der inne etterpå (der er eigentleg ei hylle te i skåpet, men mamma brukar den øvste hylla te noke anna):
So sette eg fyrst inn den store, blå tekanna te mamma i den midterste hylla. Pappa sin sjokoladekaffi (som han hadde gløymt at han hadde kjøpt fordi han va nyfiken på korleis den va) fekk og lov te å stå der, og overlevingsboksen og reise-teboksen passa fint dar, tykte eg. Og ricola-teen òg, for den hadde ein sånn rund boks.
I nedste hylla fekk plutseleg alle dei andre teane plass, og framleis toler hylla litt tilføying. Pukka-teen (som vart kjøpt i går) fekk stå heilt bakerst, men gødt synleg, sånn at viss eg har ein dårleg dag, so ska eg få lett auge på den. Heilt fremst var dei teane som snart e oppbrukte (eg må snart til Oslo for å få meir av yndlingsteen (og eg tykkjer det e ein ganske god grunn te å reise te hovudstaden, eg)). Dei teane eg av og til gløymer at eg har, fekk fine klesklyper på seg, sånn at eg ska sjå dei.
Og omlag slek ser no teskåpet ut.

Translation: Today I figured that I should reorganize the teashelf, and then I took a look at the shelf above it, and saw that I would have two teashelves. I'm quite satisfied with that.

fredag 8. oktober 2010

Når bakken e full av lauv

...og ein berre kaste handfullar opp i lufta over seg seg sjølv, sånn at det kan regne over ein.

Translation: When the ground is full of leaves and you simply have to throw handfulls up in the air above you and let it rain down.

torsdag 7. oktober 2010

Når sola viser vegen

På bussen heim i dag, so såg eg plutseleg ei søyle av sollys so' peika på plassen sar huset mitt ligge, og då måtte eg le litt fint. For tenk at han trudde at eg ikkje skulle finne vegen sjølv!

Translation: On my way home today, I looked out the window of the bus and saw a sunshine column that pointed at the spot of my house. I had to giggle a little, as it would seem he didn't think I would find the way by myself.

onsdag 6. oktober 2010

Maizena- og lærarmoro

Sånn går det når ein blandar maisstivelse og vatn.

Og medan eg gjorde matte, so fann eg eit sitat i skriveboka (blå e det som sto på tavla som norsklæraren vår hadde skreve, medan svart e det mattelæraren vår sa):

2STA            Og kem so har skrive?
Ein gledens dag!          ...ein ser det jo på fysste setning.
Fagrommet vårt lever!!          Typisk, altso!
Ny innleveringsmappe kl 18.00 i kveld

Translation: Having fun with starch and water, and discovering a quotes by my teachers in one of my notebook

tirsdag 5. oktober 2010

Raudstrupebilde

Når ein ikkje har teikna på lenge (mykje fordi ei ikkje har hatt teikneblokk på fleire månadar), so finn ein fram vanleg kopipapir, fargeblyantar, og kanskje ei fuglebok, og so prøvar ein ut fargar.
Deretter finn ein raudstrupen i fugleboka (for den e fin og har litt andre fargar enn berre brunt og grått og svart og kvitt), og so teiknar ein han.
Te sist kjøper ein råme, tek teikninga inn i, og pakkar inn sånn at ein har ei besøksgåve til den ein skal besøke ilag med pappa i haustferien. Og ein blir so ivrige med å ordne det fint te, sånn at ein gløymer å ta bilde av den heilt ferdige teikninga (den med ei lita grein på) inne i råma.

(Ja, eg e veldig glad i raudstrupen)

Translation: When you haven't drawn for months, mainly because you haven't had anything proper to draw on, you take whatever paper you have lying around, gather some pencils and find a book with a bird you want to draw. Then you just make the bird appear on the paper, and then you frame it and wrap it up so that it can be given to someone who will smile when they see it.

mandag 4. oktober 2010

Den vesle løvetannen

For vel ei veke sidan:
- Forsov du deg, vesle?
- Mm, hm...?
- Lauvet fell no, edderkoppane lagar perlekjeder om natta.
- Mhm.
- Du e her kanskje ikkje neste morgon.
- Nei.
- ... Eg forstår ikkje, e du ikkje lei deg?
- Eg har sett himmlen.

Translation: I met this little dandelion last week, and I told her that it wasn't spring, but autumn, she nodded, and I asked her if she knew that the leaves were falling, and that the spiders were weaving threads with pearls on, and that she might not be here tomorrow, and she nodded, and I didn't understand her, but she had seen the sky.

søndag 3. oktober 2010

Beretninger om beskyttelse

Tre ord om boka: nydeleg, nydeleg og nydeleg.
Ho handlar om bier, stemmer, krystallar, eggtempera og kjærleik. Masse kjærleik.

Translation: "Tales of Protection" by Erik Fosnes Hansen is such a beautiful, beautiful, beautiful book! It's about bees, voices, crystals, painting and love. All kinds of love.