lørdag 8. november 2008

Draumekrøniker, Del 1 - Amazonas

Eg tør påstå at natta, eller meir skumring, er mi favorittid av døgnet. Alt kan skje på berre få timar, minutt eller sekund; du kan reise jorda rundt, oppdage nye stadar og menneske, eller forsovidt møte dei du allereie kjenner og finne på noko absurd saman med dei.

Ein gong reiste eg foreksempel til ein regnskog, eg trur det var Amazonas, saman med ein forskar. Vi vart sett av ved ei elv som glitra av skinande gullfarga steinar, eller kanskje dei var grøne? Iallefall, vi stod no ved sidan av ei elv og vi bestemte oss for å gå vekk frå elva, og inn i jungelen. Etter ei stund stod vi framfor noko som kunne ligna på eit prisme som var bygd opp av store steinblokker, om du føresteller deg ei pyramide med prismeform som ligg på eine langsida, så skulle du forstå omlag kva eg meiner.
På ein eller anna måte kom vi oss opp på denne konstruksjonen, det vil seie, eg sto plutseleg på den, forskaren såg eg ikkje nokon stad. Framfor meg låg det nokre slags hytter. Dei var mørke, og nokre av dei hadde hovudskallar frå noko som ligna ein bøffel. Eg gjekk innimellom dei, men før eg visste ordet av det var eg nede på bakken att, på ei anna side av prismet. Då eg hadde gått eit par steg var den underlege konstruksjonen langt bak meg, og eg stod mellom tørre gamle tre, og ut frå ingenting sprang det ei løve og nokre andre kattedyr. Det eine dyret prøvde å angripe meg, men løva, som forøvrig var brun, hoppa framfor meg.
Så var eg vel tilbake ved elvebreidda og skulle gifte meg med ein innfødd indianar. Eg hadde aldri sett han før, men kvifor ikkje?

Ogso vart det dag.