lørdag 31. juli 2010

Om å vere glad for at posten eksisterar

Tenk deg at du har fått brev frå ei av dei beste veninnene i verda, og at sola faktisk skein gjennom skydekket litt likevel, og so går du opp på rommet ditt for å berre sitte å vere glad, og so ser du at på senga di so ligg det ei bok som du ikkje har helst på før. Ho e sandfarga med blålilla småfolk på, og namnet hennar e "The Wee Free Men". Ho e ganske stor, men ikkje tung, og ho kviskrar "bla i meg" og "prøv å les litt", og ein smiler fornøgd for seg sjølv for at no veit ein ka ein ska lese når ein e ferdig med den boka ein held på med no.

Here Comes the Sun

I dag kom ein konvolutt seglande inn på bordet framfor meg
med vannvittige mengder teip (eg va so forsiktig eg kunne, eg lova!)
som gøymde eit fint brev, avisutklipp,  små lappar og eit Lilly My-jakkemerke frå ho nydlegaste.
Då gjer det ikkje noko at det ikkje e sol ute.

torsdag 29. juli 2010

Gull og tordivelblått

I dag bloma mamma seg med blomevest,
før vi gjekk opp til ein av kantarellplassane våre og fann ein liten skatt.
Har de forresten nokon gong studert ein tordivel og prøvd å teikne han?
(Tordivelblått e ein utruleg fin farge, berre so de veit det)