fredag 5. september 2014

649 m.o.h.

Eg har vore student i Volda i to år no, og fram til i dag hadde eg, trass store planer, ikkje komt meg opp på toppen av Rotsethornet. Men i dag var vêret perfekt for fjelltur i ukjent terreng: ikkje skodde, ikkje våt mark, ikkje regn i sikte, ikkje steikande sol, ingen vind i låglandet, og passeleg temperatur å gå seg varm i. Dermed drog eg og ei veninne på oss turkleda og traska av garde etter lunsj.

Dei fyrste tre timane hadde vi fjellet heilt for oss sjølve, desse tre krabatane var dei einaste vi møtte på. Vi slo følgje eit stykke på vegen, men so fann dei noko som var meir interessant, kanskje saftig gras?
"Tenk om vi kjem opp på toppen og sola bryt gjennom skydekket akkurat då," sa eg medan vi gjekk nede i skogen, og då vi kom over tregrensa gjekk sanneleg ynsket mitt i oppfylling, og landskapet ikring vart lyst opp av små solflekkar.
Då vi var komne opp i høgda lyste det både raudt (av tytebær) og blåsvart (av krekling), ei kjærkoma forfrisking, og ein god grunn til å ta hyppige plukkepausar.
 Fjorden låg etterkvart bada i sollys, og frå tid til anna såg vi ferja og små båtar som for forbi, langt, langt under oss.
Då vi akte oss frampå den vesle klippa nede til høgre på biletet over (bak dei store steinane, so vi var utanfor fare) og såg ned i Torskegjølet, fekk vi eit talande bevis på kor svimlande dei norske fjella kan vere.
Noko av det beste med turen var å sjå korleis dei blådisige fjella langt borte sto i kontrast til det skarpe haustgraset, dei grøne einebærbuskene og bjørkene, og ikkje minst dei raude bæra og lyngen.
Til vår store overrasking var der til og med eit lite vatn der oppe, og det var so umåteleg vakkert å sjå korleis skyene spegla seg i det, innimellom det gule graset.
Og det var so fint på toppen! Det blir nok ikkje ein tur ein tek so ofte (med roleg og utforskande gange brukte vi seks timar opp og ned), men det var vel verdt det.

mandag 1. september 2014

September

No er det haust, og eg går under gule lauv og plukkar opp eit, eit bjørkelauv som nyleg er falle. Eg studerer den trekantliknande forma som skil hengebjørk frå vanleg bjørk, før eg legg lauvet i bukselomma. Om eg ein eller annan gong i løpet av dagen skulle vere i tvil, so kan eg berre kjenne etter og bli viss på at ja, no er det haust.

Men eg treng eigentleg ikkje å forsikre meg noko meir: bjørkene har tydeleg gullstenk i lauvpryden, vinden bles og får greiner og gras til å danse, regnet ligg grått og mjukt i det fjerne, magen er fyld med te og rotgrønsaker, Markens grøde ligg ekstra godt i handa og hjartet dunkar med ny glede.