torsdag 28. november 2013

Pausebøker

Dette er ei liste over bøker som høver gødt som pausebøker mellom oppgåveskriving og pensumlesing: Skriv 200 ord, les nokre sider her; Les eit kapittel, ta til deg (og omset?) eit vers eller tre der; Fyll margen med notat, sjå på nokre vakre illustrasjonar innimellom.

- Den store mummiboka
- Paul Géraldy: Toi et Moi
- Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994. I utval.
- Shaun Tan: The Arrival
- Collins dictionary of Astronomy

tirsdag 19. november 2013

For tida er dagane fylde med ordleiting og ordsmiing, tekøppar, instrumentalmusikk, filmopplevingar, viktige telefonsamtaler, lengting mot ting som finst der ute, samtidig som det kjennest heilt riktig å vere akkurat der eg er. Eg har tjukkelabbar på føtene kvar dag, og tidvis heng klipsøyredobbar på øyreflippane. Eg tek til meg av gode formuleringar, og prøver å omstille hjerna raskt når nye arbeidskrav skal skrivast. Og so er der stunder, slik som no, når alt ein treng gjere er å sitje med ein køpp grøn te og sjå ut på dei mjuke snøfluksene som legg seg på bakken i eit stadig tjukkare lag.

søndag 10. november 2013

Hauge

For tida er det to bøker som til ei kvar tid ligg attmed hovudputa mi: Dikt i samling og Dagbok 1924 - 1994 (Utval) av Olav H. Hauge. Å lese det som står skrive mellom desse permane er so utruleg vakkert, gjevande og tankevekkjande. Og ofte so veldig sårt. Av og til blir eg berre so overvelda av Hauge si evne til å setje ord saman at eg får klump i halsen og ikkje klarer å ta meg til med noko nyttig. Men det er heilt i orden.

Alltid ventar eg å finna (frå Glør i Oska)

Alltid ventar eg å finna
noko som gjev livet verd,
noko som er verdt å vinna,
som kan lyfta meg og tvinna
stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning
so eg audmjuk bøygjer kne
for ei evig livsens sanning
som kan gje meg rettvis kanning,
mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som strekt er dregen
og ser Herrens finger skriv.
Orm vert stav, og logeslegen
busk vert grøn att. Leit deg vegen
fyrr den stutte dagen sviv!

torsdag 7. november 2013

søndag 3. november 2013

Uventa skattar

Då auga mine vandra langs titlane og forfattarnamna i Bokmannen-hyllene, stansa dei då dei kom over namnet Erik Bye. Ein kjær songar og songskrivar, men for min del var det eit ukjent faktum at han òg hadde skrive romanar. Med ei nyfiken han valde eg ut ei av bøkene som sto der og byrja å sjå litt nærare på den.
Det fyrste eg kom over var eit skeptisk ugleblikk på lysegrøn bokmerkebakgrunn, som kunne fortelje meg at boka var kjøpt hjå Giertsen i Småstrandgaten ein gong i tida.
Då eg bladde to sider vidare, var det dette som møtte meg. Forfattaren sin eigen signatur i blått blekk.
Det er klart at denne boka skulle bli med meg heim for 45 kroner!