tirsdag 25. mars 2014

Under vårhimmelen

1. Natanja som passar på at alle kjem seg ut av huset for å vere med på tur.
 2. Snøfonner i det fjerne.
 3. Rødmande raklar.
 4. Hasselblomar (eg likar dei nesten endå betre enn kirsebær- og plomeblomar).
 5. Døgnflugelarve i pappahand.


onsdag 19. mars 2014

Pust av tid

Dagane blir natt og til dag igjen før ein får sukk føre seg, og når ein lurer på kor alle dagane forsvann lyt ein smile. For tinga og minutta var so mange og so bra og so næringsrike, slik at ein kjenner seg styrkte, slik at ein som menneske har blitt større.

Og so er det i grunn berre på grunn av heilt ordinære, ikkje-sensasjonelle ting: Å forsøke seg på eit gamalt gitarriff for fyrste gong og få det til, å lese ein av Borges sine tekstsnuttar nesten kvar morgon, å bake brød med oliven og kvitlauk, å høyre fuglane øve seg til den store vårsymfonien, å ete gresk yoghurt med honning i og ha mørk sjokolade i kjøleskåpet, å stå framfor ei niandeklasse og forsøke og lukkast fleire gongar enn ein mislukkast, å lese bøker i senga med lommelykt når vinden bles ut det elektriske lyset, å smile.

Og om bloggen er litt stillfarande, so er det greit. For horisontane faldar seg ut.

lørdag 8. mars 2014

Flaskepost

Då eg var på vindvandring i dag, gjekk eg eit lite stykke langsmed vatnet for å lytte til bølgjene som slo ivrig innover land. Nett i det eg var i ferd med å snu og gå attende, vart blikket mitt fanga av noko gult som låg i strandkanten, akkurat utanfor bølgjene si rekkevidde. Då eg gjekk bort for å sjå nærare, viste det seg å vere ein flaskepost. Den heilt fyrste flaskeposten eg nokon sinne har fått, faktisk.
På eit vis bar flaskeposten preg av å ha vorten til i ein naudssituasjon, med det at papiret var ein oppriven smågodt-pose. Det var situasjonen der og då som kravde at meldinga vart skriven med det same.
Meldinga, derimot, tyder på at sendaren var utanfor fare då han eller ho skreiv flaskeposten. Språkføringa var ei blanding av sunnmørsdialekt og engelske ord som somme norsktalande har adoptert.