fredag 13. november 2009

Draumekrøniker, Del 7 - Kjolar og Trollpakk

Ein heilt tilfeldig dag. Eller, eigentleg er det jo natt, sola e 'kje oppe, men det e lyst nok te å kunne kallast dag. Perfekt tid på døgeret til å reise til nærmaste tettstad med klesbutikkar for å handle. Jau, det e nok dag.
Som vi alle veit, går ein alltid først inn på den butikken som sel dei rimelegaste klesplagga, og når desse kleda attpåtil e dei beste kan det jo ikkje bli betre. Eg skal ha ein kjole, ein fin ein. Ikkje det at eg veit kor og når eg skal bruke den, dessutan har eg jo festkjole frå før av, men ka gjer vel det?
Først ut er ein svart kjole i sateng, nokså elegant på same tid som at den er original med eit lag av chiffon utanpå det golvlange skjørtet. Snittet er tilnærma lik 1700-talets renessanse, med andre ord ein oppdatert klassikar. Kanskje litt vel klassisk?
Neste kandidat har ein djup blå farge, også den kan pryde seg i sateng, iallefall delvis. Bringa er tydeleg inspirert av den viktorianske moten, med blondar og korsettsnøring, som til slutt rundast av med ei stor, mørk sløyfe, før det struttande skjørtet tek over og skapar noko som minner meir om ein kjole frå den japanske stilretninga Gothic Lolita. Nei, det får no vere grenser!
Den tredje, ein raud, enkel kreasjon, er rett og slett alt for kjedeleg.
Nei, det nyttar visst ikkje her, eg får vandre vidare. For å spare tid går eg bort til dama som held på å henge opp nokre fleire plagg, for å forhøyre meg om kva for ein av dei andre butikkane som har høvelege prisar og dermed er verd å gå innom. Motvilleg nemner ho ein av konkurrentane.
I det eg skal til å gå, får eg auge på den perfekte kjolen: knelang, enkelt snitt, med sløyfer og blondar i fleng. Alt i ein pistasje-grøn farge, med hint av mørk mint... Men å kjøpe den no va berre for flaut (noke eg e veldig glad for i ettertid).
Eg hadde nett funne ein passande kjole (svart, stroppelaus, figursydd, med små, blå blomar broderte på) og skulle betale i det folk begynde å springe hysterisk rundt i senteret. Temmeleg forvirra går eg ut, kanskje eg då vil skjønne kva som er gale. Men nei, eg blir ikkje klokare av det. So då er det jo ikkje anna å gjere enn å spørre då. Fælt so mykje eg må spørre i dag då! Ei dame, eller kanskje va det ein mann, svarar stakato: "Dei kjem!" "Kven?" undrar eg, om muleg endå meir frustrert. "Trolla!" og med det eine ordet hiv han seg ut i kaoset av springane føter og veivande armar, let meg vere igjen der på sida med mitt forvirra uttrykk.
Utan at eg heilt veit korleis, er eg midt i ei rekke av menneske som sakte og hastande glir fram over ei steinur, det er nok eit rasfarleg område, der ein somme stader må hoppe for å kome fram over. Eg trur mest heile kommunen blir evakuert inn i nokre fjelldalar, men er ikkje det eigentleg det dummaste ein kan gjere? Det er trass alt troll vi har med å gjere, store troll som høyrer heime i sleke områder.
Men ein god ting kom no ut av turen: no veit eg ka slags kjole eg sk ha meg!