søndag 30. september 2012

På gjensyn

Du har teke på deg den grå regnvêrsfrakken, og vi tek farvel. Du hadde med deg månge fine stunder, so du skal ha takk for denne gong. No vonar eg berre at Oktober vil prøve (og lukkast) i å overgå gåvene dine.
Koh Russei, March 6th, 2012 by The Gentleman Amateur

Translation: You've pulled on your grey raincoat, and we say goodbye. You brought with you many memorable moments, so thank you for now. I hope October vil try (and succeed) in surpassing your gifts.

lørdag 29. september 2012

Tre tips

1. Viss du skal ha potetstappe og kalkunkjøtbollar til middag, men tykkjer det er so kjedeleg: lag cherrytomatblomar og strø over.
2. Viss du skal sende ei gebusgåve til nokon, men ikkje har innpakkingspapir: byt ut ein tepose med gåva og legge i ein konvolutt full av tepøsar.
3. Viss du har sett eit boktips på ein fin blogg: stikk innom ein bruktbokhandel og leite i hyllene der. Og kanskje er du so heldig at det akkurat den dagen er siste dagen med septembersal, slik at du får Jules Verne-boka, som du òg hadde tenkt å kjøpe, gratis når du kjøper Far Goriot til 60 kroner.

Translation: Three problems and solutions. 1. If you think mashed potatoes and meatballs are boring to look at: add a couple of flowers made of cherry tomatoes. 2. If you are to send a birthday gift to someone, but do not have wrapping paper: replace the tea bag with the gift and put it in an envelope together with loads of tea. 3. If you've read about a book which you want to read, check the local second hand bookshop and see if you find it there. Maybe you're even as lucky as to get another book for free because of the September sale!

fredag 28. september 2012

Ei bakside

Når eg skriv brev blir eg gjerne så engasjert at baksida av arket blir heilt ruglete slik at det nesten ikkje er mogeleg å skrive på det.
Er det fleire som har det slik?

Translation: When I write letters, I usually get so engaged in the activity that my writing almost goes through the paper, leaving the backside almost impossible to write on.

onsdag 26. september 2012

Tintin Au Tibet

Tintin er min favoritt-teikneserie nummer to. Og eg rett og slett elskar fjernsynsadaptasjonen frå 1991. Eg har funne ut at det er aller best å sjå den på fransk, sjølv om eg i løpet av ein liten time berre får med meg omlag ti ord og uttrykk som eg kjenner att og hugsar.

Translation: Tintin is my number two comic favourite. And I absolutely love the TV-series from 1991. I've figured that the best way to watch the series is to watch it in French, without subtitles, even though I hardly know any French.

mandag 24. september 2012

Haustglimt

Grønt lauvtak som sakte men sikkert skiftar farge:
Eit bringebær som såg freistande ut, men åma med oransje hovud kom dit før meg:
Geitrams som tilsynelatande fanger skyene slik at sola får skine:

Translation: Green leaf roofs that slowly turn yellow, a raspberry that looked quite delicious (though a larva with an orange head got there first) and rosebay willowherbs that seemingly capture the clouds so that the sun can shine through.

søndag 23. september 2012

Ein augneblink

Eg går ut av bilen og vinkar farvel til veninna som var snill nok til å la meg få sitje på heimatt, takkar for ein triveleg kveld som vart superfin takka vere tre fine jenter, alt for mykje brownies og eit brettspel. Himmelen er overstrødd med stjerner, ein skikkeleg haustnattehimmel etter vekesvis med regn, og eg står åleine i enden av vegen min medan bilen køyrer vidare. Gatelyktene er duse mot stjernene bakom, og ein vakker og håpefull tanke strøymer gjennom hovudet: "Kanskje." Framfor meg og over meg, fleire lysår inn i evigheita, blenkjer venlege auge ned mot meg. Eit av dei er nærare enn eg anar, omlag hundre kilometer borte, og plutseleg får eg auge på det i det det bryt inn i atmosfæren og fell mot jorda som eit stjerneskot. Og tanken blir tusen gongar vakrare.

lørdag 22. september 2012

Kransar

Eg skulle ynskje alle kunne gå med kruner (dialekt for kroner) av blomar. Alltid.
Crown by Mariam Sitchinava.
Crown - Backstage by Mariam Sitchinava.
Untitled by esparist
Crown by Mariam Sitchinava.

Translation: I wish everyone would wear flower crowns. Always.

fredag 21. september 2012

Fredagsgleder

Eg hadde fått to brev om pakkar som venta på Posten, so eg for no nedom med handlenettet mitt i dag for å hente det eg trudde var to pakkar. Det var visst litt fleire, ettersom det eine pakkebrevet gjaldt for sju.
Innimellom alle dei firkanta pakkane (bøker og eit GENI-spel) var det ein mønstrete gebuspakke som vart ganske kaotisk i kontakt med skjørtet. Inni var det ein minitermos med ugler på, perfekt til kveldar på lesesalen eller små utflukter i skogen.
Og innimellom pensumbøker låg den finaste utgåva av Pride and Prejudice eg noken gong har sett, og som eg difor fann ut at skulle vere mi gåve til meg sjølv for ei veke sidan. Frå Penguin Books, sjølvsagt.
Ettersom det var skikkeleg sol for fyrste gong på fire veker sat eg i parken ovanfor steinkirka og las dei fyrste kapitla i Austen-boka, medan sola varma andletet. Etterkvart kom det små lette regndropar av den typen som ser ut som diamantar når dei festar seg på ullstrømpebuksa, og som får den solvarme lufta til å dufte.
Då kløkka kort tid etter vart fire traff eg ei fin ei for å prøve ut restauranten Det Grøne Treet. Eg vart litt forelska i tapeten der inne, i den grad det går an å forelske seg i ein tapet.
Frå menyen fall valet på kyllingsalat til 117,- og den var knakande god, med rykande, sprøtt brød attåt.

Translation: I went to pick up what I thought was two packages that were waiting for me at the Post Office, but I soon figured there were eight of them. Inside the patterned package, which did not blend too well with my skirt, was an adorable mini thermos with owls on, and in one of the other packages I found the most beautiful version of Pride and Prejudice I've ever seen. Seeing it was the first real sunny day in four weeks, I sat outside in the park, reading the first chapters of the book. After a while it started raining, the kind of rain that turns into small diamonds as they hit your wool tights, and that gives the sunny air a wonderful fragrance. When the clock turned four I met up with a nice one and had dinner at a place we'd heard of. The chicken salad was delicious!

torsdag 20. september 2012

Å halde varmen

Han veit eg har flytta, men han har framleis ikkje funne ut kor til. Men han nærmar seg, vinteren. So eg gøymer meg endå litt, og går med tjukkelabbar i skoa og drikk varm krydderte, samlar haustlauv og reddar inn ein tusenfryd eller to, smiler til sola og ler med flotte menneske.

Translation: He knows I've moved away from home, but he still doesn't know where to. But he's closing in, Winter. So I hide away from him a bit longer and wear woolen socks and drink warm tea with spices, I collect autumn leaves and save a daisy or two, I smile at the sun and laugh with great people.

onsdag 19. september 2012

Gul x 3

1. Amnesty-jakkemerke fordi vi heldt underskriftskampanje rundt matfri. Eg hadde for øvrig gløymt maten min heime, men det gjorde ikkje noke, fordi der va ei framand dame som kom med eit brett med eit par kakestykker på, dels fordi ho tykte vi gjorde ein god jobb, dels fordi ho skulle bli kvitt kakene.
2. Gule oldemorsruter hekla i ull innimellom pensumlesing. Eg veit endå ikkje ka det skal bli av dei.
 3. Omslaget på den boka eg nett har byrja på.

Translation: Three yellow things: an Amnesty-button, crocheted squares and the cover of the book I just started reading.

tirsdag 18. september 2012

Nutini

For vel ein månad sidan var eg innom bloggen til Siv og vart introdusert for ein (for meg) ny artist, og dei siste vekene har Paolo Nutini sin musikk blitt spelt ein del gongar her på hybelen. Det fyrste som slo meg med denne artisten var den herlege stemma, som er rå og mjuk på same tid. Dette kjem særleg bra fram på live-opptak. Elles so har han fleire fengande låtar, av den typen du blir gåande rundt å nynne på
Han har forresten ein veldig fin versjon av "What a Wonderful World":


Translation: I discovered the musician Paolo Nutini thanks to Siv, and the past few weeks I've played his songs quite a few times. I like how his voice is soft and rough at the same time, and he has some catching songs that you just can't stop humming to.

mandag 17. september 2012

Eventyr

Det er fint å kunne bla og lese i bøker som er so eventyrlege som desse, både utanpå og inni, og seie at det er førebuing til eit av arbeidskrava i norsk. Ein gong i vår skal vi ha ei munnleg framføring av eit eventyr, og eg leitar nett no etter det eine eventyret som eg vil fortelje. Kanskje blir det H. C. Andersen sitt eventyr om nattergalen eller det om Snødronninga. Eller kanskje skal eg reise til fjerne hav og land med Sindbad sjøfararen, eller mogelegeins skal eg fortelje om Ali Baba og dei førti røvarane frå Tusen og en natt.

Translation: I'm reading fairytales because my teachers tell me to do so.

søndag 16. september 2012

Heimefint

- Mjuk hundepels og ein fuktig snute.
- Sjokoladekake med nonstop på (som alltid).
- Ein liter kantarell på eit par minutt.
- Druer og gamle fotoalbum på bordet.
- Fisk og kling.
- Ringblomar som lyser som små, oransje soler i det elles visna bedet.
- Ein gamalt, klokt og hjarteleg andlet.
- Eit nystrikka labbepar.
- Den skurrande lyden av jaktradioen.
- Gjestar som kjem kvar haust.
- Gjestar som kjem innom elles i året òg.
- Nypussa haustsko.

Translation: I spent the weekend at home, with soft dog fur, chocolate cake, chantarelles, grapes and photo albums, pot marigolds, an old and loving face, a pair of newly knit socks, the buzzing sound of the hunting radio, guests that stay with us every autumn, guests that stay with us during other times of the year as well, and lastly a pair of shined up autumn shoes.

torsdag 13. september 2012

19

Å vakne ein halvtime før vekkarkløkka, lese eit par sider i den boka du nett byrja på, ete frukost medan du høyrer hybelsambuarane dine forte seg av garde for å rekke skulen, å drikke opp teen for so å setje seg ned for å lese pensum, men rett som det er bli avbroten av meldingar frå kjære menneske.

Å oppdage at dei fjernaste fjella har fått snøhetter på, medan trekrunene dansar rundt seg sjølv og attende. Å gå ut og la håret og skjerfet og jakka bli ein del av denne vinddansen i det ein går ut på jakt etter eit eventyr. Eit hausteventyr. Med raudlege bringebærlauv som blir med heim for å leggjast i press under Costume Worldwide, Tusen og en natt, Ringdrotten og den femte utgåva av Norton sin diktantalogi, og med piggete frø som heng seg fast i joggebuksa og lagar grøne prikkar på det svarte.

Å snart skulle ta på seg skoa igjen og gå bakkane nedover til sentrum for å møte vener som ikkje ville ha noke av at du sat heime på hybelen når det er gebusdagen din. Å gå innom ein butikk på veg ned for å kjøpe ein is eller ein muffins, eller kanskje skal du gå inn på bensinstasjonen når kvelden er over og kjøpe deg ein kakao. Etterpå kan du kanskje lytte til Sigur Rós som tek deg inn i ei overjordisk verd av tonar i det sømnen kjem sigande, slik at du ikkje klarer å skilje musikken og bileta som underbeveisstheita manar fram.



Translation: Today I turned nineteen. I didn't have school, yet I woke up early to let the morning pass by slowly, with a cup of tea and a good book to keep me company. From time to time I'd read some homework, occasionaly interrupted by messages from the people I love, wishing me happy birthday. Later today, the weather was perfect for a windwalk, and I found some beautiful leaves that I took with me. In a few hours I'll meet up with some friends, and when I get back I might listen some more to Sigur Rós and let the dreams take me.

onsdag 12. september 2012

Frå Flickr

- haunting - by Teresa Q

Translation: From Flickr.

mandag 10. september 2012

Dei som veit, dei ser

(Ei oppmura, gøymd rås som pappa synte oss i sommar.)

Translation: The ones who know, they see. My father showed us this hidden trail this summer.

søndag 9. september 2012

Ei haustgul verd

No er verda gul. Og eg merkar at eg saknar fotoapparatet litt. For no skulle eg ha teke bilete av toppen av hengebjørka mot ein lys gul himmel. Eg skulle ha teke bilete av den andre hengebjørka, den med gule felt i lauvverket, den som av og til pleier ha ei lutande kråke sittande i toppen, slik at fuglen og treet heng saman. Eg skulle ha teke bilete av veggen på huset nedanfor meg berre fordi det er gult, fordi det er so mykje tydlegare no når alt det andre er gylt av sola. Til og med tusenfrydane nedanfor glaset reflekterer sollyset. Men hausten er berre nettopp komen. Heldigvis.

Translation: Now the world it yellow. And I really start missing my camera, because right now I should've taken a photograph of the silver birch against a pale yellow sky. I should've taken a photograph of the other silver birch with yellow leaves, where the crow sometimes sit. I should've photographed the wall of the house beneath me, just because its wall is yellow too, because everything has turned to gold. Even the daisies beneath my window refelct the beams of the sun. But, fortunately, autumn has only just begun.

fredag 7. september 2012

Nokre ting studentar kan gjere

- Nesten få latterkrampe i engelsktimen fordi lyset går av og nokre i klassa bjynde å danse i stolane.
- Sitte på kafé i to timar med fem flotte jenter.
- Hamstre kyllingfiletar på tilbod.
- Gå på informasjonsmøte for studentgrupper som t.d. Amnesty.
- Ha plaster tilgjengeleg. Alltid.
- Ha filmkveld med gødtfolk, med tomatsuppe til middag slik at du endeleg får nytta flettaloffen du hadde med heimanifrå, men som eigentleg berre tok opp plass i frysaren.
- Synge høgt medan hybelsambuarane dine framleis er på skulen (og håpe på at hybelverten ikkje høyrer noke til det).
- Tinge gebusgåve til deg sjølv.
- Finne alternative vegar å gå ned til sentrum.
- Sjå to episodar av Lewis, sesong 6.
- Lese Being There av Jerzy Kosinski som engelsklekse.
- Prøve å teikne ein av yndlingsromanheltane dine og ikkje få det til i det heile teke, men henge opp teikninga likevel, sidan det jo er ein oppdikta karakter og ingen eigentleg kan protestere.
- Få brev frå ei fantastisk veninne.
- Lytte til britiske indiegrupper og norsk rock.

Translation: Being a student involves studying, of course. However, there are many other activities you must allow yourself to take part in, like laughing until your belly aches because some of your friends started dancing in their chairs as the light went off, sit to a café with a group of great girls, check out student groups such as for instance Amnesty, meet up with some friends for an evening of films and delicious food, sing out loud while your house mates are out, order yourself a birthday present, find alternative routes to walk downtown, watch the last season of Lewis, read a book like Being There by Jerzy Kosinski, attemt to draw your favourite character from you favourite novel and fail and hang the drawing on the wall anyhow, recieve letters from one of your wonderful friends, and listen to British indie groups and Norwegian rock.

torsdag 6. september 2012

When in America...

Eg unngår hamburgarar og pommes frites når eg et ute. Særleg dersom kafeen er ein del av ei fastfood-kjede. Det er delvis fordi det som regel luktar utruleg rart på slike stadar, og delvis fordi hamburgarane på slike stadar ser grådig uidentifiserbare ut: osten ser ikkje ut som ost, og brødet ser ikkje ut som brød, og so vidare.

Men på den andre sida er eg veldig for å smake på lokale rettar når du reiser til ein ny plass, om maten ser aldri so forstyrrande eller ufordøyeleg ut. Difor hadde eg lova meg sjølv at når eg skulle opphalde meg i Amerika, då skulle eg òg ete som folk i Amerika. Dermed for vi på Braum's.

Middagen besto då av ein liten hamburgar med ost og sylteagurk, ein pøse pommes frites og eit glas sjokolademilkshake. Det smakte litt betre enn frykta, osten var faktisk ost. Milkshaken var som milkshake pla vere. Og det var ubegripeleg mettande. So etter å ha pressa i seg siste biten av burgaren (for våre amerikanske slektningar likar ikkje at vi let noke vere att på tallerkenen) lente eg meg tilbake på den vesle sofabenken og takka for maten og erklærte at no var eg stappmett. "You mean you won't have dessert?" "No thank you, I'm quite full." "But the reason we took you here was because of the ice cream!"
Og då var det ikkje anna råd med enn å gå bort til isdisken, ta imot rådet om å ta den isen med smak av svart valnøtt, og med eit håpefullt smil seie at eg vil gjerne ha ei lita kule, for so å finne ut at ei lita, amerikansk kule tilsvarar to-tre vanlege kuler her i Noreg. Men: svart valnøtt-is er himla gødt.
Eg kjem ikkje til å gjenta eit slikt måltid.

Translation: I usually stay away from fastfood such as burgers, because I find that kind of food rather suspicious. But when in America, do as Americans do. The black walnut ice cream was the best, even though I was so full it's a wonder I managed to eat it.

tirsdag 4. september 2012

Stubbar og mjuke øyrer

Hunden vår har ein tendens til å gå til angrep på gamle stubbar og morkne kjeppar.

Translation: Our dog has a tendency of attacking old tree stumps.

søndag 2. september 2012

As Tall As Lions

Ei vakker stemme som syng melankolske melodiar som tidvis eksploderer saman med gitarriff og trommer for so å tone ned att til mjuke tonar. Innimellom høyrer du nokre av dei såre orda, og om du leitar opp teksten syng du med rett som det er. Eg trur As Tall As Lions kjem til å bli spelt mykje dei neste haustmånadane.

Translation: Just discovered the group As Tall As Lions. I think their songs fit autumn well, and I have a feelin gI'll be listening to them quite a good deal the next few months.

lørdag 1. september 2012

Nokre bilete i tekstform

(fordi eg sist helg la att fotoapparatet heime)

Bilete 1: skjerf i brune, oransje og burgunde nyansar blir tulla to og ein halv gong rundt halsen og eit par plomefarga pulsvarmarar legg seg rundt handledda.

Bilete 2: på vegen opp og langs bakkane går to jenter (ei av dei er meg) forbi ein garasje med kvit murvegg der det heng eit brunt treror i lite format som fortel at det huset vi passerer ligg i Kapteinsvegen. "Eit retteleg fint namn på ein veg," tenkjer dei og går vidare.

Bilete 3: ein altan utanfor ei kjellarleiligheit, med utsikt over Volda og dei disige, grøne fjella sørover, austover og vestover. I det fjerne er dei blå. Utanfor det store vindauget inn mot gangen, det med lyse gardiner bak, står eit rundt bord og to korgstolar.

Bilete 4: to skapdører er opna opp og syner to meterlange, doble rader med filmar i varierande sjangrar og på ulike språk.

Bilete 5: ein mørkebrun kjøkenbenk er dekt av posar som inneheld ingrediensane til TORO sin tikka masala.

Bilete 6: to jenter sit ved eit lite trebord og legg frå seg etepinnane i det dei lener seg tilbake i stolane, mette etter eit herleg måltid mat. Ein liten, brun hund med hengeøyrer sit på benken ved sidan av og prøver å snike og tigge seg til ein smak av restane, men skjønar at 'an må nøye seg med hundematen som ligg i matskåla.

Bilete 7: jentene har flytta seg ut på altanen og samtaler om laust og fast, medan den firbeinte krabaten spring ut på graset og innatt på treplankane i ein tilsynelatande evig runddans.

Bilete 8: to skåler med yoghurtis med limefugde blir sette på sofabordet, saman med ein tekøpp og ein kaffikøpp på omlag same storleik som skålene. Fjernsynet lagar nokre klikkelydar.

Bilete 9: eg sit med ein sovande hund over eine foten medan scenene i Reisen til det ytterste hav siglar over skjermen, og begge jentene må seie seg einige i at Rippipip er ein super karakter, og at sjøormen var veldig flott utforma. Og at kostyma er herlege.

Bilete 10: det er byrja så vidt å mørkne ute, så dei to jentene tek farvel og takkar for skiftet, og den jenta som er meg går heimatt til hybelen sin, med skjerfet knytt ekstra gødt rundt halsen, og med ei kjensle av at eventyr kan dukke opp kor som helst, og når du minst ventar det.

Translation: I left my camera when I was home last weekend, so now I'll have to describe the pictures I wanted to take with words. I had a very pleasant Saturday, visiting a friend. We made a most delicious dinner and had ice cream for dessert while watching The Voyage of the Dawn Treader.