torsdag 17. juli 2014

Grøde

Grønsaker, bær og frukt modnar fort i år, men smakar ikkje mindre av den grunn.

søndag 6. juli 2014

Laksefluger

Med fleire elvar i nærområdet og fiskeglade folk i fleire generasjonar bakover, var eg ikkje overraska då pappa kom berande med tre flugeboksar som hadde vore farfar sine. Då eg opna dei fekk eg derimot noko eg ikkje hadde venta meg. Fiskefluger kan vere vakre, det visste eg jo, men at dei kunne vere so fine (og særleg etter so mange år) hadde eg ikkje drøymt om.

Etter å ha beundra dei ei stund kom vi fram til at dei i grunn var for fine til å bruke. Dessutan var det visst dei brune, mørke flugene som gav mest fisk i si tid, og eg reknar med at laksen sine preferansar ikkje har skifta særleg mykje sidan den gong.

torsdag 3. juli 2014

"og lær mæ kordan æ kan bli en brøkdel av / den bunnlause gleden som æ hør om"

Siste helga i juni var det duka for Dei nynorske festspela. Med fokus på nynorsk språk, kultur og litteratur vert det kvart år sett saman eit variert program med foredrag, samtaler og aktivitetar. Og so kjem sjølvsagt dyktige musikarar innom og skaper god stemning. Laurdagen sto Kråkesølv på scena, og eg sat på fremste rad. I fyrstninga var det berre so vidt foten min torde å vippe til musikken og leppene mine vågde berre å mime til orda dei song. Men etter kvart byrja stemmabanda mine òg å vibrere, og til slutt sat heile eg og svaia til tonane.

Eg blir meir og meir glad i desse dyktige musikarane, dei fengande melodiane og dei stadig overraskande gode og klisjélause tekstane på Bodø-dialekt.



Om de klikkar på bileta kjem de inn på eit lite flickr-album av nokre av bileta eg tok under konserten (+ nokre frå november 2012).

tirsdag 1. juli 2014

Å ta til seg og å dele

Før ein fekk sukk for seg var ein inne i den andre sommarmånaden. Det har so langt vore ein strålande sommar, og varmen og finvêret (og det forfriskande ruskevêret innimellom) har gjeve ein fleire høve til å nyte livet, innimellom eksamenslesing og -utøving. Og når livet byr på mange gleder (både kvardagslege og litt ekstra), lyt ein tidvis berre nyte og konsentrere seg om det som er der og då: late kameraet ligge so ein har begge hender fri til å plukke blomar, gestikulere eller klemme, late glimt og episodar lagrast som filmar i si eiga hjerne for so å spele dei om att for seg sjølv og smile av det, late inntrykka forbli uformulerte setningar som aldri blir publiserte nokon stad. Det har vore ganske tynt med innlegg på denne bloggen ei stund, og det har vore godt.

Men samtidig merkar eg at eg har sakna det å dele av alt det fine eg ser og får ta del i. Og no trur eg at eg er klar til å bruke overskotet til ikkje berre å ta til meg, men òg til å dele. Då startar eg like so godt med nokre bilete frå den fyrste fjordturen i juni.

Det er eit faktum at det ikkje blir skikkeleg fjordtur med mindre båtshunden er med, gjerne med snuten retta anten mot sjøsprøyten eller spennande lukter frå land.
 Når vêret er fint, sjøen roleg og dagen ung, høver det fint å utforske litt mindre kjende strender langs fjorden, og jau vart det ein ny favorittplass under asketre.
 Når ein går i fjæra eller sit i sanden, får ein ofte auge på vakre ting.
 Når ein er på steinkobben sitt teritorium, med alle dei luktene det inneber, skal det meir til enn tang og glatte fjæresteinar får å skremme firbeiningen vår.