søndag 21. juni 2015

Lyse kveldar

No når sommarsola og dei lange dagane får snøen i fjellet til å smelte med litt større fart enn før, er det nett høveleg å fare på fjorden. I går tok vi sommarsesongens (for meg) fyrste tur, og det resulterte i fire fiskar, eit bål av rekved og tang, to ekstra fine sneglehus og elles ein rimeleg nøgd og kveldssvolten familie.

lørdag 13. juni 2015

Billeskal

På ei av mine runder rundt i hagen, fann eg dette tomme hylsteret av ei bille. Det er rart å kome over slike skal, for dei er so skjøre og lette i forhold til det robuste vesenet ei levande bille er. Det er som om ingenting kan skade dei, men likevel kan ein kome over nokre som har blitt mat for andre, og med eitt er rustningane deira so lette og tynne at ein berre so vidt torer å plukke dei opp.
Natanja vart nyfiken og måtte forsikre seg om at det ikkje var noko godt til henne.

søndag 31. mai 2015

Bachelordagane i listeform

I starten av dette semesteret tok eg til å skrive på bacheloroppgåva mi (om korleis fortlejingar kan brukast for å fremje læring), og i månadane som følgde var kvardagen min i hovudsak sentrert rundt det å forske, analysere og skrive. Men om det var aldri so spennande, so måtte eg sjølvsagt gjere litt andre ting òg, om eg skulle halde fram med å vere eit nokonlunde oppegåande menneske. Her er nokre ekstra lyspunkt frå dei siste månadane:

- Å få Fantomet-bladet i posten kvar månad
- Å vere innom både X2-festivalen og Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda
- Å sjå gjennom og redigere bilete frå Spania

- Å finne ut at podcast eigentleg er ein veldig fin ting
- Å lære seg å strikke boblemønster
- Å bli introdusert for musikken til Sufjan Stevens

- Å bruke timesvis i skogen for å filme til kortfilmprosjekt i norsken
- Å lage grautmiddag for ti personar (og invitere til grautfrukost dagen etterpå)
- Å handle blomar til hagen heime saman med mamma og pappa

- Å feire vener som fyller år
- Å oppdage Gro Dahle si diktsamling Regnværsgåter
- Å lage seg kakao til frukost før ein lang arbeidsdag

onsdag 27. mai 2015

Spania | Silketrådtreet

Spain
Av alle dei vakre vekstane i hagen i Spania, var kanskje silketrådtreet* det som imponerte meg mest, og det opptil fleire gonger i løpet av opphaldet. Det såg liksom ut som verken det eine eller det andre, med ein tjukk, tornekledd stamme og sprikande greiner som hadde eitt og anna lauv festa til seg. I tillegg bar det kulerunde knoppar, store frukter og rosa blomar.
Spain
Og for nokre blomar!
Spain
Og om kvelden lånte himmelen fargen til dei talrike blomane, slik at heile byen kunne gle seg over den.
Spain
*Eg har ikkje funne noko norsk namn på treet, so "silketrådtre" er mi omsetjing av det engelske namnet "silk floss tree".

søndag 24. mai 2015

Når ein grev i jorda

Om lag midt i mai tok eg ein tur heim for å puste litt ekstra rein luft før bachelorinnspurten. Det vart spaserturar i velkjent terreng, prat og besøk med gode slektningar, og dessutan ein del hagearbeid. Det høyrer liksom forsommaren til, dette å handle inn nye blomar og frø og få jord under neglene når ein plantar dei ut i mørk jord. Og, som den hobbyentomologen eg er, er det ekstra spennande når ein kjem over små kryp medan ein arbeider. Denne larven (som eg aldri har sett før!) låg til dømes der vi skulle plante den nyinnkjøpte magnoliaen. Vi måtte ta han vekk medan vi gravde, men når spadane var lagt vekk, kunne han få kome tilbake til habitatet sitt.

Eg lurer verkeleg på kva slags vesen han blir når han blir stor.
(Det er den same larven på begge bileta, men kameraet fanga inn ulike fargar på grunn av bakgrunn og lys.)

torsdag 21. mai 2015

Blogg, sa du?

Eg hadde visst ein blogg, eg, ein sånn internettstad der ein deler tankar og gode augneblinkar og legg ut bilete og skriv om ting som gjer ein glad. Ein sånn stad som er min eigen midt i alt virvar av internettkrokar og linkar og e-postar, og som no i månadar har vore inaktiv og slumrande. Men no tek eg til å vakne etter eit semester i bachelordvale, og hovudet er so smått i stand til å handsame tankar som ikkje knyter seg til akademisk forsking og oppgåveskriving. Det tek nok litt tid før eg får pussa alt støvet av den delen av hjernen som tenkjer blogg, men eg skal freiste starte att, med små og rolege steg.

onsdag 25. februar 2015

Levande vinter

Sist eg var heime tok vi oss ein tur på isen (som var tjukk nok til å bere ein liten lastebil), og vi var langt frå dei einaste som naut den fine dagen.
For det fyrste var det Natanja, som for so vidt inngår i pronomenet "vi". 
Og so var der tre hjortestutar med høvesvis seks, fire og to greiner, etter det vi kunne sjå og resonnere oss fram til.
Dessutan var der spor av oter langs land!