I enden av regnbogen?

Mitt namn er Ragnhild. Eg har vandra på jorda i tjue år og er for tida student. Det var dei trivielle formalitetane. Eg er fascinert og tidvis inspirert, og det er det denne bloggen i korte trekk eigentleg handlar om.

Dette er ein blogg om vakre og gode ting. Det er ein blogg om slikt som får ein til å smile og om å sjå alt det viktige som er i verda rundt ein. I byrjinga var bloggen ei øving i å tenkje positivt, og etterkvart utvikla den seg til òg å bli ein blogg om slikt som får ein til å strekkje seg endå litt lenger, som får ein til å drøyme og utfordre seg sjølv litt meir enn ein kanskje har våga seg til tidlegare. I denne bloggen ynskjer eg å dele det som inspirerer meg og får meg til å smile ein eller fem gonger ekstra kvar dag, noko som resulterer i ei salig blanding av te, tankevandringar, fengslande bøker, hobbyentomologi, melodiar og ord som går saman til eitt, visuelle utttrykk, solkledde fjell, skattar av ulike slag og små eventyr. Med andre ord: alt slikt du kan finne i enden av regnbogen.