fredag 30. august 2013

Raudnande bær

No heng rognebæra mørkeraude og tunge ytterst på greinene. Medan du går gjennom kjende gater og stiar, enten på veg mot eller på veg vekk frå noko fint (eller kanskje med noko fint i begge endar), kan du putte ei av dei små raude kulene i munnen og kjenne den svakt bitre, forfriskande smaken som siv ut gjennom skalet når du suttar på den, og du kan smile til deg sjølv eller den som går ved sida di. Du kan tenkje på og ta innover deg alle fargane, smakane og impulsane som den komande hausten lokkar med, med ein palett av fargar som frydfullt utfordrar sansane som har dovna litt vekk i løpet av sommaren.
Og sånn i tilfelle rognen ikkje klarer å produsere nok raudt til lerretet, trør raudhyllen til med sine bær om er litt meir metalliske på farge.

onsdag 28. august 2013

Ei Volda-veke

- Nye skrivebøker med blånke ark
- Loppemarknad
- Feiring av vener som fylde år om sommaren, med ballongar og cookies og grilling
- Rognebær som heng tungt på greinene
- Gründercamp på fireogtjue timar
- Symaskindur
- Pensumbøker i postkassa
- Lærarar som spanderer pizza på heile klassa
- Brevfåing og -skriving
- Spaserturar langs stiar og vegar
- Siste rest av yndlingsteen
- Pakistansk mango
- Kafébesøk der ein må slå saman fleire bord for å få plass til alle

søndag 25. august 2013

Med 35 kroner i lomma

Eigentleg hadde eg ein tohundrelapp, sånn i tillefelle eg fann veldig mykje på loppemarknaden. Men eigentleg fekk eg jo ganske mykje likevel, utan å måtte betale meir enn femogtredve kroner.

torsdag 22. august 2013

Og ein månad seinare

Av og til er det utruleg deileg å ha ein ting mindre å tenkje på i den store verdsveven, og særleg om ein elles i verda har litt fleire ting å ta seg til og sikte tankane mot enn vanleg. Men no når kvardagen smått om senn er tilbake, er det fint å kunne setje seg ned og få ut bilete og ord no og då. Og ikkje minst ta igjen all den blogglesinga ein har forsømt. Som ein bloggoppstart etter ferien, kjem no nokre bilete frå ein Fjærlandstur i byrjinga av juli, der eg vitja gode folk og kanskje den nest finaste hunden i heile verda, der sommaren var grå og veldig fin med skodde og japanske turistar, og der eg la att ein femhundrelapp og fekk elleve boktitlar tilbake.