onsdag 30. mars 2011

Ein gitarist

Eg kom på at eg burde gjere dokke merksame på ein ven av meg sin musikk, fordi han e verkeleg flink, og eg tykkjer fleire burde høyre på musikken hass. Berre trykk på songtitlane under, so kan dokke nyte bra gitarmusikk.
Panda
Groove For Gorgeous
Second Chances

Translation: Thought I should recommend the music that a friend of mine makes. He's a really talented guitarist and writes his own songs. Just clikc the song titles, and enjoy please!

tirsdag 29. mars 2011

Når storebroren kjem heim frå britisk jord

... står det fine, fine teboksar i teskåpet...
... eit glas med fargerike drops...
... som var sleke skikkeleg gode (og armbandet fekk eg òg).
(kjem meir seinare)

Translation: Some of the things I found in the house when I got home from school today. That's what you get when your elder brother stays in York for three months.

mandag 28. mars 2011

"Open up your eyes, then you'll realize..."

Han her helste eg og mamma og pappa på i dag tidleg:
 Og dei her fekk vere med meg heim frå bibliotekutsalet: 
Noken som har lest "Kokoro"? Er den fin? Eg kjøpte boka fordi eg innbiller meg at eg har høyrt tittelen før, og at den skulle vere veldig fin. Men eg anar ikkje ka den handla om, og vil forsovidt ikkje vite det før eg les den heller.
Og eg klarar nesten ikke slutte å syngje på Jamie Cullum-songar for tida.

Translation: Meeting one of the royals, buying three books for about £ 1.5, and having Jamie Cullum's voice inside my head, constantly, makes quite a nice day.

lørdag 26. mars 2011

Ei lita snusmumrikkjente, kanskje?

Eg latar i alle fall som om eg er det no. Dei knirkar litt, og luktar so gødt, og sit akkurat passeleg på føta. Ilag med dissa skoa skal eg gå våren i møte, akkurat som Snusmumrikken, og kanskje finn eg tonane på munnspelet no snart.

Translation: With these shoes, I'm going to meet the spring, just like Snufkin does. Maybe I'll fin the tunes now?

fredag 25. mars 2011

Tulipanar i mars


Riktignok ikkje frå hagen, men det e like fint når ein får dei i gåve. Det ve i ditta tilfellet sei' når mamma og pappa får ein stor bukett av dei, og so har ein ikkje store nok vaser til heile, slik at eg kan ha to oppe på rommet mitt, i den blå flaska. Då blir det i alle fall litt vår der, om den ikkje baknar på utanfor vindauget heilt endå.


Translation: Tulips in Mars. They're not from our own garden, but when they're a gift I think it's just as good. Well, it wasnt really me who got the flowers, it was just that we didn't have a wide enough vase for the whole bouquet that my parents recieved, so I they gave me two to have in my room. Then I'll have some spring even though there's snow outside.

torsdag 24. mars 2011

Om berre snøven forsvinn

... so ska eg leite. Ved vegen,
i fjæra,
i heard the sirens sing by weepy hollow
og i skogen
Summertime in the mountains

Translation: Soon. If only the snow could leave, I would go and hunt treasures. By the road, by the waterline, in the forests.

onsdag 23. mars 2011

Electron Blue

 1. Blå strofe frå ein blå song:
Adventure's made its claim on you
It's all you want to do (do)
You (You)
You know where to run
You run Electron Blue.

2. Innsida av den blå flaska som står i glaskarmen i støva, den det står "Spain" under,

3. Blå sløyfe i håret sidan eg følte for det

Translation: Blue bottles, bows and music.

tirsdag 22. mars 2011

Wonderful Life

... I alle fall viss eg snart kunne sett litt folk att (nokre har eg ikkje sett på snart to veker, fordi dei var i Spania). Dagane blir gjerne halvvegs repetisjonar av seg sjølve når ein ikkje kjem seg dit ein aller helst vil, til biologiforsøk, te- og Barcelonaprat og teater. Slik var det i går òg:
Heldigvis var lufta tidvis tom for regn, og sola sa hei ein gong eller to òg. Og Hjortane sa hei, på sin måte, sjølv om dei var mest opptekne av mat.

Det vart litt betre når ein kunne gå rundt i ein raud gensar med blomar på (og sola bestemte seg for å skine akkurat då eg bestemte meg for å ta bilde, så både halsen min og gensaren vart alt for lyse, og då eg redigerte vart halsen gusjegrå. Eg trur ikkje husa mi ser heilt sånn ut i røynda).
Ein ting te: tenk at der finst slike som kan skrive so kraftfulle, nydlege tekstar som går rett inn til hjartet og pakke dei inn med rocka rytmer og riff til ein vakker mannleg vokal på same måten som Alter Bridge gjer det her og  her og her (til dømes)!

Translation: When you live close-up to the nature forces, the days sometimes repeats themselves partly. Even though that often isn't too bad, I wish I could've been able to see my friends (some whom I haven't seen for nearly two weeks), finish the experiments in biology, and to to the theatre tonight.
Fortunately, it didn't rain all the time today like yesterday, so I took a walk and met up with some deer, and wore the red sweater I got recently from my father's aunt.

mandag 21. mars 2011

Ting å gjere på ein apokalypsedag

(eg kallar det apokalypsedag fordi eg likar ordet apokalypse, sjølv om det ikkje er ei slik ei her på ordentleg)

- Teikne eit vanskeleg fjes
- Sjå på regn, ras og skydekt himmel
- Få melding frå nydlege Ingvaldsen om at det e betre å vere innestengt enn utestengt
- Skrive om gutar som samlar på kyss
- Bake calzone
- Redigere spelelister
- Finne ut at ein har eksamen om drøye tre veker
- Så karse på eit tefat med blomar på
her cat by laura makabresku

Translation: Once again the avalanches (or, this time it was the risk of them coming) that made me stay at home. So, I spent the day making calzone, drawing a diffcult face, look at rain, analanches and the clouded sky, get uålifting text messages, edit playlists, write about boys that collect kisses, be informed of an exam in three weeks, and planting garden cress.

søndag 20. mars 2011

Hegrekjærleik

Fordi eg syns tradisjonell kinesisk kalligrafi e fantastisk fint. Viss eg skulle reist ein plass berre på inspirasjonreise, so hadde det nok blitt Kina. Der skulle eg ha budd i eit lite hus i ein passe stor landsby i nærleiken av nokre fjell med vakre elvar, og bambusskogar like ved. Kvar dag skulle eg gått på spasertur gjennom gatene eller opp i høgda, saman med det eldre ekteparet som eg bur med. Ho skulle vere søt og varm, og ei sånn som finn på grunnar til å synge heile tida. Han skulle kunne namna på alle dyr, plantar og fuglar vi ser, samt forteljingar om kvar einaste ein. Når vi kom heim skulle ho hjelpe med med å trekke te, for eg skulle kunne det nesten, etter å ha prøvd sytten gongar. So skulle han invitere nokre naboar på besøk, slik at alle kunne smake den fyrste skikkelege teen min. Etterpå skulle eg kanskje ha måla litt saman med han og barnebarnet som av og til kom på besøk, eller kanskje høyrt på henne som spelte erhu om kvelden, etter at sola hadde gått ned.

Translation: I want to go to China, to learn how to brew tea, paint traditional calligraphy, and to listen.

lørdag 19. mars 2011

Ein vårlaurdag med haustnostalgi

In the Morning
Empty Eyes

Translation: A day in spring with memories of autumn

fredag 18. mars 2011

Istips

I dag fann eg ut at viss du har:
-Vaniljeis
- Sjokoladestenger eller anna gødt
- Ei fin lita skål, helst yndlingsskåla
So kan det sjå veldig bra ut, og då smakar det litt ekstra.

Translation: If you eat your ice cream with chocolate, or something else that's good, from your favourite bowl, it tastes even better.

torsdag 17. mars 2011

Kanskje dinna gongen

 Graset trengjer gjennom lauvet frå i fjor,
og snøklokkene har fått kvite toppar, sjølv under all snøen som kom,

og kanskje vil våren bli verande ei stund no, til sommaren kjem.

Translation: The grass breaks through the leaves from last year, the snowdrops got their tips coloured white, and maybe spring will stay for a while now, until summer arrives.

tirsdag 15. mars 2011

Fordi det hadde vore fint no

 ring around the rosyThe Ground Beneath My Feet
Barefoot

Translation: Because it would be nice now.

mandag 14. mars 2011

Måndagsbarn? Kanskje

Eg fann tjukkelabbar i botnen av kommodeskuffa i den finaste blåfargen, og dei passa foten akkurat (mest truleg e det storebroren som har brukt dei før),
Garden of Eden oppi bissevovv-koppen frå pusekatt 1,
fine lysflekkar i dei mørkaste krokane,
Og ny bibliotekbok som e so himla fin etter dei tjue fyrste sidene, men ka anna kan ein vente med den tittelen?
Plutseleg fekk eg lyst te å høyre noken synge på svensk.

Translation: Today I found a pair of woolen socks, probably my brother's from when he was younger, and they were in the most gorgerous blue and fitted my feet percetly, and I drank my favourite tea (calle dgarden of Eden), watched the sun play in the darkest corners, and just started reading "The Elegance of the Hedgehog", and I'm captivated after the first twenty pages. Suddenly I want to listen to someone singing in Swedish.

søndag 13. mars 2011

Draumekrønike - Del 9, Through the Rabbit Hole

Sand Hole

Jord over, under og på sidene. Frå der eg står ser eg inn mot eit stort rom, og viss ein tek den smale stien langs høgre veggen, kjem ein etter tre-fire krypesteg fram til ei ny hole. Eg trur ho vender utover, fordi ein eller to gonger kjem det ein person siglande ned derifrå. Men dei stoppar ikkje der eg er, dei berre forset
nedover, sjølv om det er heilt umogeleg å sjå kva som er i botnen, ettersom det berre er dei to næraste metrane som er svakt opplyste. Lyset ligg jamt utover, so det går ikkje an å vite kor det kjem ifrå.
Veggen nedover hallar svakt utover, forresten, sånn at det blir som ei veldig bratt sklie for dei som fer forbi i. Faktisk er hola berre ein del av ei sklie, for stien lags veggen stoppar rett før det svarte holet, so ein hadde ikkje komt seg ut den vegen. Dessutan kan det jo når som helst kome fleire rutsjande ned, og ein vil jo ikkje ha nokon kollisjon!
Bak meg er det eit anna rom, veit eg, der det er litt lettare å få auge på ting, men eg har ikkje noko behov for å sjå der inne. Kaninene var snille dei, men det er ikkje det eg treng, ikkje nett no. Salat er i alle høve ikkje so gødt.
Når eg tenkjer meg om, so kan jo ikkje det i mørkret framfor meg vere so farleg, for dei ser ikkje redde ut når dei fer forbi. Eg finn ut at det går ikkje so fort, sjølv om det er umogeleg å sjå kven det er som passerer. Det var ikkje so langt ned heller, for eg har ikkje blunka før eg er nede, og det er gras her, eller kanskje innbiller eg meg det, men det er der.
Han helsar på meg, smiler, seier eg må bli med han, ikkje han andre. Men han andre er snill, og han ler masse. Vi gøymer oss under sofaen, på golvet er det trekkoppbilar og , og vi ler når nokon kjem inn, ler so vi ristar, fordi det er fint å le.

Translation: A dream I had this night, about being in earth.

fredag 11. mars 2011

When I Grow Up

... I want to be a forester
Run through the moss on high heels
That’s what I’ll do, throwing out boomerang
Waiting for it to come back to me
fawn by rockie nolan 
When I grow up, I want to live near the sea
Crab claws and bottles of rum
That’s what i’ll have staring at the seashell
Waiting for it to embrace me
barefoot with no regrets by rockie nolan
I put my soul in what I do
Last night I drew a funny man
With dark eyes and a hanging tongue
It goes way bad, I never liked a sad look
From someone who wants to be loved by you
seances II by rockie nolan
I’m very good with plants
When my friends are away
They let me keep the soil moist
On the seventh day I rest
For a minute or two
Then back on my feet and cry for you oooh oh
flowerchild III by rockie nolan
You’ve got cucumbers on your eyes
Too much time spent on nothing
Waiting for a moment to arise
The face in the ceiling and arms too long
I wait for him to catch me
Waiting for you to embrace me
- Karin Dreyer (tekst)

torsdag 10. mars 2011

Når snøen e kram

I dag gjorde det ikkje så mykje at det var vinter likevel.

Translation: Today I found that snow wasn't all bad now.

onsdag 9. mars 2011

Om ei snøfonn

- Dobbelt so stor som i går kveld.
- Fall med eit lufttrykk som slo mot vindauga i huset vårt (900 meter i luftlinje).
- Knakk fleire tre som har stått so lenge eg kan hugse utan å ha vore rørt av ras tidlegare.
- Har aldri vore større i pappa si levetid.

Translation: Information about an avalanche.

tirsdag 8. mars 2011

Gratulera med dagen til oss

Eigentleg skulle eg gå på skulen med raude strømpebukser om veiret tillet det, og viss ikkje skulle eg ha raud kjole, men so enda det med at ein kom til bussen med melding om at vegen var stengt. So då lagde pappa ein mugge med te te meg.

Translation: due to an avalanche (again), my father mage a mug of tea for me.

søndag 6. mars 2011

lørdag 5. mars 2011

Laurdagsfint

1. Besøk av prinsesse Vinter
2. Honningmelon
3. At det kjendest slek ut

Translatoin: Today in 1. A visit from princess Winter; 2. A melon; 3.; made me feel like that.

fredag 4. mars 2011

You I Want


Musikkvideo av/med Jesse Thomas som ein kan sjå og høyre på på ein fin smiledag. Kul stemme, søt song og bra redigering e alltid ein god kombinasjon.

Translation: Jesse Thomas' latest music video, perfect for a day with smiles. Her awesome voice, a sweet song and nice camera work surely is a good combination.