torsdag 19. september 2013

Sveve

Sky Light
(biletet er lenka)
Tidleg søndag morgon lettar eg (sjølv om eg svevar litt no òg, i reisefeber), og når eg set føtene mine på landjorda att, er det på ein heilt framand stad. Der skal eg bli omkransa av vakre aksentar, og medan eg sit på toget siste biten skal eg kanskje lese litt, eller berre stirre ut på det ukjende landskapet.

No drikk eg siste koppen med lavendelte, og vonar at eg skal finne ein stad i York som sel den, sånn at eg kan kjøpe med meg eit lite lager heim.

mandag 16. september 2013

Gebushelg-liste

- Nonstop-tekøpp på den tradisjonelle gebuskaka
- Hagerunde som resulterte i ein bukett av blå kornblomar og raude nellikar mellom lupin-blad
- Lag på lag med ull for å fare på fisketur på føremiddagen
- Å få fem gongar so mykje fisk som pappa
- Hundehale med krøll
- Orientalsk gull (te) i køppen
- Levering av det fyrste arbeidskravet i haust
- Latterkrampe etter midnatt
- Vedafyring i støva

torsdag 12. september 2013

Nye siffer

Stille og roleg skal eg nyte mine siste timar som tenåring: Med lesing av fine brev innimellom pedagogikk og Shakespeare, skriving av viktige oppgåver, og kanskje nokre sting i eit søtt og vimsete stoff som har fått den riktige forma og berre treng dei siste tilpassingane. Slik let eg den nittenårige livet mitt gå over i eit anna elveleie med to nye siffer. Det å bli ein dag frå tjue har gått i akkurat passe tempo, og no skal eg late dagen kome, stille og mjukt som ein pust frå haustvinden utanfor.

tirsdag 10. september 2013

September, je t'aime

Ved turstien blir det fleire og fleire gule blad, og når sola skin gjennom dei gråblå haustskyene, blir alt gull. Ein les fag og ler med vener om ein annan, vekslar på å vere innanfor og utanfor husveggane, dreg pusten djupt inn og kjenner på alle luktene som høyrer hausten til. Det er som om hausten hjelper ein å puste, slek at det blir lettare å ta til med ting som ein eigentleg ikkje har sett seg tida til, eller som ein eigentleg ikkje har hatt mot til, men som ein innerst inne har hatt lyst til (sjølv om det er noke som kan verke ganske lite).

fredag 6. september 2013

Målerimagi

Russiske lakkmåleri er so forlokkande og eventyrlege at eg ofte skulle ynskje eg kunne spasert rett inn i dei, berre for å vere ein del av det, for å vere til av sleke vakre fargar og linjer.












































Kjelde 1, 2, 3, 4, 5

søndag 1. september 2013

Haustkveld

No er fyrste haustkvelden her, med regndrypp på graset utanfor og eit nytt bilete på mummikalendaren, med kakao i magen (og ein ullgensar rundt) og lukta av nybakt ingefærkake i alle rom i hybelkjellaren. God haust!
Rainy autumn
Det du har vore,
er berre ein skugge langt inn i kvelden.
Alt du har bore,
sorg og glede frå alle sumrar,
mognast i mørkret til ei underleg makt,
som mennesket ikkje skjønar.
                        (Utdrag frå "Augustkveld" av Tor Jonsson)