lørdag 27. desember 2014

Kveldshimmel

Den spanske solkysten (oktober).
 Dalen og fjella heime (desember).

fredag 26. desember 2014

A sense of time passed

Vekene fer forbi, anten det er som skyer på ein vindfri dag, eller som sildrande bekkar etter kraftig regn. Men dei forsvinn ikkje. I staden smyg dagane og augneblinkane seg bakom ryggen, kitlar nakken og øyra, passar på at blikket vender framover mot det som kjem, men let herdane støtte seg mot det som har vore og framleis er der bak ein og inst i hjarterota. Minner ein på at ein er ikkje det same mennesket som ein var for tre månadar sidan, fem dagar sidan, i går, men samtidig er det lite som har endra seg.

fredag 5. september 2014

649 m.o.h.

Eg har vore student i Volda i to år no, og fram til i dag hadde eg, trass store planer, ikkje komt meg opp på toppen av Rotsethornet. Men i dag var vêret perfekt for fjelltur i ukjent terreng: ikkje skodde, ikkje våt mark, ikkje regn i sikte, ikkje steikande sol, ingen vind i låglandet, og passeleg temperatur å gå seg varm i. Dermed drog eg og ei veninne på oss turkleda og traska av garde etter lunsj.

Dei fyrste tre timane hadde vi fjellet heilt for oss sjølve, desse tre krabatane var dei einaste vi møtte på. Vi slo følgje eit stykke på vegen, men so fann dei noko som var meir interessant, kanskje saftig gras?
"Tenk om vi kjem opp på toppen og sola bryt gjennom skydekket akkurat då," sa eg medan vi gjekk nede i skogen, og då vi kom over tregrensa gjekk sanneleg ynsket mitt i oppfylling, og landskapet ikring vart lyst opp av små solflekkar.
Då vi var komne opp i høgda lyste det både raudt (av tytebær) og blåsvart (av krekling), ei kjærkoma forfrisking, og ein god grunn til å ta hyppige plukkepausar.
 Fjorden låg etterkvart bada i sollys, og frå tid til anna såg vi ferja og små båtar som for forbi, langt, langt under oss.
Då vi akte oss frampå den vesle klippa nede til høgre på biletet over (bak dei store steinane, so vi var utanfor fare) og såg ned i Torskegjølet, fekk vi eit talande bevis på kor svimlande dei norske fjella kan vere.
Noko av det beste med turen var å sjå korleis dei blådisige fjella langt borte sto i kontrast til det skarpe haustgraset, dei grøne einebærbuskene og bjørkene, og ikkje minst dei raude bæra og lyngen.
Til vår store overrasking var der til og med eit lite vatn der oppe, og det var so umåteleg vakkert å sjå korleis skyene spegla seg i det, innimellom det gule graset.
Og det var so fint på toppen! Det blir nok ikkje ein tur ein tek so ofte (med roleg og utforskande gange brukte vi seks timar opp og ned), men det var vel verdt det.

mandag 1. september 2014

September

No er det haust, og eg går under gule lauv og plukkar opp eit, eit bjørkelauv som nyleg er falle. Eg studerer den trekantliknande forma som skil hengebjørk frå vanleg bjørk, før eg legg lauvet i bukselomma. Om eg ein eller annan gong i løpet av dagen skulle vere i tvil, so kan eg berre kjenne etter og bli viss på at ja, no er det haust.

Men eg treng eigentleg ikkje å forsikre meg noko meir: bjørkene har tydeleg gullstenk i lauvpryden, vinden bles og får greiner og gras til å danse, regnet ligg grått og mjukt i det fjerne, magen er fyld med te og rotgrønsaker, Markens grøde ligg ekstra godt i handa og hjartet dunkar med ny glede.

fredag 22. august 2014

Sjeleleg materialisme

1. Bokfangst frå loppemarknad og supertilbod på bokhandelen.
2. Ein lyseblå kval med knappeauge som venta på meg i postkassa, fordi inspirerande Terese hadde ein konkurranse på bloggen sin der ein skulle dele eit bra sitat. Om du lurer på kva eg delte, kan du gå inn her. Kvalen fekk selskap av ein annan kval (ein spekkhoggar) og ein hekla bamse, begge gåver frå viktige menneske i livet mitt.
3. Ein kvast peppermynte som er større enn noko år tidlegare, og som no heng til tørk i bestestova heime.

søndag 17. august 2014

Sommareventyr

For lenge, lenge sidan (ein tidleg kveld seint i juni), møttest ni bygde(og by-)ungdomar og pakka seg inn i to bilar for å køyre til fjells.
Med i sekken var reker, muffins og anna snadder som dei ni eventyrarane gladleg momsa i seg for å gjere seg feite, medan praten gjekk livleg der dei mimra om både gamalt og nytt, laust og fast.
Med fyr på bålet, fleece- og ullpledd både under og over seg og strikkajakker kring kvar ein kropp, var det ingen som fraus. Etter kvar kom der fleire til som ville få heten i seg, anten det no var den som kom frå pledd eller av hjartevarme.
Kvelden vart lang og lenger enn lang, og himmelen og fjella synte seg frå si vakraste side. Då vatnet tok nattsløret på, var det på tide å forevige stunda i ei rekkje bilete i einsemd og i flokk.
Og er dei ikkje komne attende, so er dei der oppe framleis.

I alle fall i tankane.

torsdag 14. august 2014

Skoddeskumring

Rett før det skumrar er då det er aller finast å gå tur om sommaren. Særleg når skodda kjem snikande.

søndag 10. august 2014

Farmorkjole

Nett i det vi vart skubba frå land, tok regnet til å dryple ned, og vassmengdene frå skyene auka meir og meir, men ut på vatnet skulle vi, for endeleg var det eg som skulle ro trebåten. Og å vere på vatnet i grått ruskevêr er i grunn like so koseleg som å vere utpå i skinande sol. Men tørt er det ikkje Og då vi kom i land etter roturen, nedanom farmorhuset, med gjennomvåte bukselår og klissblautt hår, var det berre ein ting å gjere for å unngå sommarforkjøling: bryggje seg ein kopp te og finne fram ein av kjolane etter farmor, med ruter, lommar og knappar heile vegen (og som synte seg å passe heilt perfekt!).

Trur aldri eg har fått blemmer på toppen av nedste fingerledd før.

torsdag 7. august 2014

Stjernesong

Kvart år, når sommaren er på sitt lysaste, gløymer eg kor vakker stjernehimmelen er. Kvart år, når sommaren langsamt glir over mot haust, oppdagar eg kor mykje eg har sakna den. Det blåsvarte djupet med millionar av funklande små lys på, det duse lerretet med ei einsleg stjerne på. Lengten er like stor, same kor mange dei er. Og lengten veks seg større og større inne i bringa til det kjennest ut som om ein må anten sveve eller sprekke.

So syng eg stjernekikkarsongen og får til begge deler på same tid.




Bileta er lenka

mandag 4. august 2014

Selskap frå dyreverda

No er tistlane for det meste visna, men medan dei sto frodige vart det fleire ekspedisjonar til tistelplassen vår for å leite etter insekt. Og i år traff eg på gullbassen etter å ha gått to år utan å sjå han i området. Det gledar!
Når graset har vakse seg stort att etter den fyrste slåtten, kjem både ein og to og sju hjortar ned på bøen for å få seg noko mat. Då er det fint å stå i vindauget og sjå på korleis dei prikkete kalvane leikar rundt dei beitande kollene. Og om ein er heldige får ein til og med sjå ein hjortekalv die!
Kvar gong eg får eit insekt på handa, prøver eg å få det til å gå over på nasa mi. So langt har eg lukkast med det to gonger. Fyrst var det ein vanleg augestikkar, og sist var det ein brunspraglete liten krabat.
Og eg kan ikkje hugse sist eg hadde so mange frekner. Hurra for sol (og for regnet som no gjev kjølige temperaturar som gjer at ein kan gå i ullabbar)!

torsdag 17. juli 2014

Grøde

Grønsaker, bær og frukt modnar fort i år, men smakar ikkje mindre av den grunn.

søndag 6. juli 2014

Laksefluger

Med fleire elvar i nærområdet og fiskeglade folk i fleire generasjonar bakover, var eg ikkje overraska då pappa kom berande med tre flugeboksar som hadde vore farfar sine. Då eg opna dei fekk eg derimot noko eg ikkje hadde venta meg. Fiskefluger kan vere vakre, det visste eg jo, men at dei kunne vere so fine (og særleg etter so mange år) hadde eg ikkje drøymt om.

Etter å ha beundra dei ei stund kom vi fram til at dei i grunn var for fine til å bruke. Dessutan var det visst dei brune, mørke flugene som gav mest fisk i si tid, og eg reknar med at laksen sine preferansar ikkje har skifta særleg mykje sidan den gong.

torsdag 3. juli 2014

"og lær mæ kordan æ kan bli en brøkdel av / den bunnlause gleden som æ hør om"

Siste helga i juni var det duka for Dei nynorske festspela. Med fokus på nynorsk språk, kultur og litteratur vert det kvart år sett saman eit variert program med foredrag, samtaler og aktivitetar. Og so kjem sjølvsagt dyktige musikarar innom og skaper god stemning. Laurdagen sto Kråkesølv på scena, og eg sat på fremste rad. I fyrstninga var det berre so vidt foten min torde å vippe til musikken og leppene mine vågde berre å mime til orda dei song. Men etter kvart byrja stemmabanda mine òg å vibrere, og til slutt sat heile eg og svaia til tonane.

Eg blir meir og meir glad i desse dyktige musikarane, dei fengande melodiane og dei stadig overraskande gode og klisjélause tekstane på Bodø-dialekt.



Om de klikkar på bileta kjem de inn på eit lite flickr-album av nokre av bileta eg tok under konserten (+ nokre frå november 2012).

tirsdag 1. juli 2014

Å ta til seg og å dele

Før ein fekk sukk for seg var ein inne i den andre sommarmånaden. Det har so langt vore ein strålande sommar, og varmen og finvêret (og det forfriskande ruskevêret innimellom) har gjeve ein fleire høve til å nyte livet, innimellom eksamenslesing og -utøving. Og når livet byr på mange gleder (både kvardagslege og litt ekstra), lyt ein tidvis berre nyte og konsentrere seg om det som er der og då: late kameraet ligge so ein har begge hender fri til å plukke blomar, gestikulere eller klemme, late glimt og episodar lagrast som filmar i si eiga hjerne for so å spele dei om att for seg sjølv og smile av det, late inntrykka forbli uformulerte setningar som aldri blir publiserte nokon stad. Det har vore ganske tynt med innlegg på denne bloggen ei stund, og det har vore godt.

Men samtidig merkar eg at eg har sakna det å dele av alt det fine eg ser og får ta del i. Og no trur eg at eg er klar til å bruke overskotet til ikkje berre å ta til meg, men òg til å dele. Då startar eg like so godt med nokre bilete frå den fyrste fjordturen i juni.

Det er eit faktum at det ikkje blir skikkeleg fjordtur med mindre båtshunden er med, gjerne med snuten retta anten mot sjøsprøyten eller spennande lukter frå land.
 Når vêret er fint, sjøen roleg og dagen ung, høver det fint å utforske litt mindre kjende strender langs fjorden, og jau vart det ein ny favorittplass under asketre.
 Når ein går i fjæra eller sit i sanden, får ein ofte auge på vakre ting.
 Når ein er på steinkobben sitt teritorium, med alle dei luktene det inneber, skal det meir til enn tang og glatte fjæresteinar får å skremme firbeiningen vår.

tirsdag 3. juni 2014

Willy Wonka

Ingenting er som ei loddtrekning for å få litt liv i bloggverda, so då er det fint at Synne loddar ut eit Willy Wonka-krus til ein heldig vinnar. For å bli med er det berre å sjekke blogginnlegget hennar med reglane for kor mange lodd du kan ta og korleis. Vinnaren blir plukka ut 15. juni!

fredag 30. mai 2014

Syndefallet (André Bjerke)

Dikt kan absolutt vere underhaldande!

mandag 5. mai 2014

Spelande vatn

Sola og vatnet syng so fint saman, lydlaust og leikande. Anten det er på berg, over sand eller mot torv, blir musikken uimotståeleg og før du anar det er verda forsvunnen og æva forbi.

søndag 27. april 2014

Ein blir aldri for vaksne

 I påska bar eg ei stor kasse opp på rommet til bror min, kor vi opna den og tok ut det lenge etterlengta innhaldet.
So tok vi til å byggje. Broren las brukarrettleiinga, medan eg gjekk inn i rolla som litt utolmodig syster som helst berre ville setje saman med ein gong utifrå intuisjonen (den fungerte for øvrig fint på takbygginga!).
Etter kvart kom både veggar og golv på plass, og ein kunne bjynde å fantasere om korleis ein skulle innreie herlegheita.
 Og plutseleg (etter tid vi ikkje talde) stod borga klar, og vindebrua kunne senkast.
 Og so kunne Playmo-figurane og vi feire at alt var sett i stand!

onsdag 23. april 2014

Ein dag å feire

I dag er det bokdagen! Og det lyt feirast, til dømes med å ta til på ei ny bok og bli bokforelska (Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda), eller so kan ein markere dagen med å tipse om ei fin bok. Eg gjer begge deler.
Miss Rumphius er forteljinga om lupin-dama som reiser verda rundt før ho sler seg ned i eit hus ved havet. Men noko står endå att å gjere: Å gjere verda vakrare.
 Illustrasjonane er etter mi meining heilt fortyllande, og ein kan sitje lenge og berre sjå på dei.