onsdag 26. desember 2012

Det er so lett å gløyme

Når ein er heime gløymer ein fort at mobilen må ladast og at den helst bør vere i nærleiken, særleg når der er folk som vil ha tak i ein. Det er so lett å gløyme slikt når ein har Age of Empires tilgjengeleg og kan prøve ut nye strategiar, det er so lett å gløyme når ein er ute i fleire timar kvar dag for å oppdage nye holer, følgje reve-og oterspor og høyre ramnene sin klagesong i fjella. Det er so lett å gløyme når ein har eit strikkety som veks seg litt lenger for kvar dag, og når ein har bøker som skal lesast og filmar som skal sjåast. Bilete og dokumentering blir liksom litt uviktig, og ein ynskjer berre å nytte dagane til det fulle.

Translation: It is so easy to forget to capture the moments when you're so caught up with living them. Sometimes that is quite all right, though.

mandag 24. desember 2012

Julero

Akkurat slik skal jula vere. Gledeleg jul til dokke alle!

Translation: Christmas, just as it ought to be. Merry Christmas to you all!

søndag 23. desember 2012

Tex Willer

Jula er som skapt for eventyr og forteljingar og spenning, det vere seg filmar, bøker og ikkje minst teikneseriar. Ettersom bror min har ei rimeleg stor samling teikneseriar liggande her heime er det ekstra stas å ha god tid til å lese gamle og nye historier av favorittane. Då eg var litt mindre hadde eg ein periode då eg las ein del Tex Willer, og denne jula skal eg fordjupe meg litt meir i dette teikneserieuniverset.

Tex Willer (eller Nattens Ørn blant indianarane) er ein ranger, som regel ikledd gul skjorte, som på midten av 1800-talet ferdast rundt i Arizona og andre delar av Amerika saman med Kit Carson, eller "gamle kamel" som Tex kallar han. Med sin sterke sans for rettferd, tek dei seg av kjeltringar av alle tenkelege slag.

Translation: This Christmas I will be reading some more Tex Willer, as I remember reading the stories when I was younger and I used to love them back then. I still do.

fredag 21. desember 2012

Den store soljakta

Vi fann ho til slutt.

Translation: We went to look for the sun. We found her at last.

torsdag 20. desember 2012

Når du er heime kan du:

- Ete mamma sine heimelaga brødskiver med Port Salut og røykjelaks
- Besøke den vidaregåande skulen og klemme både lærarar og elevar
- Drikke kakao på kafé
- Leggje opp 247 masker på ein rundpinne
- Ligge framfor omnen med ein hundelabb kvilande på skuldra (og armen min over magen hinna (dialekt for "hennar"))
- Bla i The King's Three Images
- Setje til/frå-lappar på julepakkane
- Leite fram vinterjakke og tjukkegensar og vottar og den tjukkaste hua til juletrejakta i mårå
- Sjå naturdokumentarar med David Attenborough når det er mørkt ute

Translation: When you're home for Christmas you might want to visit your old school and friends there, eat home made food, prepare for the Christmas tree hunt, prepare the Christmas presents, start a new knitting project and look through your older brother's MA thesis.

mandag 17. desember 2012

Om uventa erfaringar

Når siste prøva før jul er ferdig, kan plutseleg veldig månge fantastiske ting skje. Du kan få eit vedvarande julestemning-sjokk, og plutseleg har du kjøpt to bøker du har ynskt deg ei god stund og ete lunsj i ei nesten tom kantine (fordi nesten alle andre er ferdige med alle eksamenar og slikt), berre fordi du kan. Dessutan kan det ligge ei julegåve i postkassa når du fer opp på hybelen for å kvile litt. So kan det tenkjast at du og ei til blir invitert med på korøving til det som fram til då har vore eit mannskor på fire personar. Dei siste timane før øvinga startar kan de hende du finn ut at ei av veninnene dine er like fascinert av stein som du er, og at du ikkje var det einaste barnet som samla med seg steinar frå alle mogelege stadar likevel. (Appelsinsjokolade er forresten himmelsk.) Når øvinga startar, skjønar du plutseleg (eller kanskje går det litt gradvis) at "Ola var fra Sandefjord" er ein av dei søtaste songane å syngje, særleg med tre mannsstemmer under ei melodistemme sunge av to jenter. Så går du heimatt med stjernehimmelen over og framom deg medan du nynnar, prøver å hugse den vanskelegaste noterekkja i melodien.

Translation: When you've finished the last test before Christmas, many wonderful things may suddenly happen. You might get a lasting Christmas mood shock, resulting in two new books and lunch in the almost empty cafeteria (because almost everyone else has gone home), just because you can. Besides, there might be a Christmas present waiting for you in the mailbox. And it might be that you and a friend are invited to join the rehearsal of what, for the time being, is a men's choir or four. During the last hours before the rehearsal you may discover that your friend loves rocks just as much as you, and that you were not the only child who collected pebbles and small rocks from all thinkable places. When the rehearsal starts, you suddenly (or perhaps gradually) realise that "Ola var fra Sandefjord" is one of the sweetest songs to sing, especially when you have two bases and one tenor in addition to the melody sung by you and your friend. And as you walk home with the starry sky over and ahead of you, you hum and try to remember the hardest part of the melody.

lørdag 15. desember 2012

Vide himlar

Translation: Some Flickr photos which inspire me at the moment.

fredag 14. desember 2012

Desemberdagar

- Rosa morgonhimlar
- Snøv som knirkar og glitrar
- Middag i kantina
- Månge timar på biblioteket
- Å finne marsipangrisen som var gøymd på biblioteket
- Semesterprøve i engelsk overstått
- Å øve til grammatikkprøve i norsk (noke eg likar veldig gødt!)
- Den fyrste julegåva er utdelt
- Bror som er ferdig med masteren
- https://soundcloud.com/audun-moseng/jupiter
- Hobbiten på kino
- Honning i staden for smør på skjeva
- Ingen julepynt på hybelen, men førjulsstemning likevel
- Telefonar heim nesten dagleg for å bestille komparar, eit nytt labbepar og julekaker til eg kjem heim
- Vakre menneske overalt (med andre ord: glade menneske overalt)

Translation: My December days have been filled with many hours at the library, Christmas presents, and wonderful smiles everywhere.

onsdag 12. desember 2012

Til å smile av

Av og til blir dagen betre på uventa måtar, til dømes ved at ei i klassa lagar dikt om deg. 

Translation: Sometimes your day turn out better for unthinkable reason, for instance by one of your friends writing a poem about you.

tirsdag 11. desember 2012

mandag 10. desember 2012

Suppe-måndag

Tips til korleis å få ein god start på veka: samle saman nokre vener, ein handfull instrument og lat vegetarianarveninna di lage middagen. Resultatet er veldig oppløftande.
Supa (2) by RegnbogeSupa (3) by RegnbogeSupa (4) by RegnbogeSupa by Regnboge

Translation: How to make the start of the week better: invite some friends over to your place, gather a handful of instruments and let your vegetarian friend cook dinner.

lørdag 8. desember 2012

Vinterlufta

... er kald.
... stikk i nasa so ein må puste med munnen.
... får lyden av skoa mine mot eit tynt lag med snø til å overdøyve alle andre lydar (skjønt alle høyrer berre sine eigne fotsteg).
... gjer lukter skarpare, særleg matlukter og eksos (det er som om luktmolekyla prøver å sleppe vekk frå kulden og av den grunn klamrar seg fast til det som går forbi).
... gjev ein lyst til å synge klokkeklåre tonar frå toppen av eit fjell.
... er klår.

Translation: I'm in love with the winter air because of its many excellent qualities.

torsdag 6. desember 2012

Skjegg

Skjegg får meg til å smile, og då er det jo heilt fantastisk at noken har funne på å lage beardrank.com, ei nettside der folk legg ut bilete av seg sjølv og skjegget sitt slik at folk kan stemme fram det skjegget dei likar best. Verda er herleg rar! (bileta er naturlegvis henta frå beardrank.com)
 

onsdag 5. desember 2012

Juleverkstad

No har eg laga heimelaga drops for fyrste gong, og du verda kor kjekt det er! Sjølv om ein ikkje alltid får det heilt til, men då er det nesten endå kjekkare. Av fem brett vart berre eitt øydelagt, og det seier vi oss nøgde med. Og dei va himla gode!Candy by RegnbogeCandy by RegnbogeCandy by RegnbogeCandy by Regnboge

Translation: Me and some friends got together to make candy. It was easier than I had thought, and 
the result was incredibly tasty. Perhaps a bit too tasty.

tirsdag 4. desember 2012

Nokre små endringar

Som dei fleste sikkert har lagt merke til, so endra eg skrifttypen i overskriftene her på bloggen for ei lita tid tilbake. No har eg òg teke vekk den grålege tittelbakgrunnen, og ettersom bloggen har utvikla seg til noko anna enn det den fyrst var tenkt til, har eg no endra bloggnamnet. Alvar, einhjørningar og andre vanlege ting reflekterer ikkje innhaldet i bloggen slik eg ser det: eg vil dette skal vere ein stad å samle skattar i form av ord, musikk, tankar, bilete og alt mogeleg anna fint. I enden av regnbogen kjennest mykje betre.

mandag 3. desember 2012

lørdag 1. desember 2012

Vinterlys

Når desember kjem med stikkande kuldegrader og tidleg solnedgong, då høver det fint å få besøk av to fine tvillingar som blir med på Bokmannen (for å handle det vi kan kalle kalendargåver til den ikkje-eksisterande adventskalendaren min) etterfølgd av te på kafé for å få varmen i kroppen medan mørkret blir tettare utanfor, skjønt det blir ikkje so mørkt likevel når tre og vindauge er dekorerte med julelys og lykter.
Three Friends by Regnboge
Skjønningar by RegnbogeBooks by Regnboge