mandag 30. april 2012

Om å ha ein dansepartnar med vengjer

Det er eg som ser han fyrst, der borte ved den blå blomeoppsatsen. Han ser meg rett etterpå, og eg latar som om eg ikkje har sett han i det eg nærmar meg, tilsynelatande berre med auge for dei kongeblå kronblada. Ei stund står eg og studerer dei medan han konverserer med ei godmodig humle som brummar når 'o ler. Med eitt har han prata frå seg og svingar seg forbi meg og dreg med med ut på golvet og fører meg roleg rundt på det grønvevde golvet. Han slepp meg eit sekund medan eg spinn rundt og går ei halv runde rundt meg før han tek meg imot att, og så snurrar vi saman fire gongar før vi slepp den andre og fer til kvar vår ende av ballsalen. Men vi finn kvarandre att og høyrer ikkje at musikken stoppar.
Brimstone by Regnboge
Sommarfuglen er for øvrig ein Gonepteryx rhamni, eller sitronsommarfugl som vi gjerne kallar den, og høyrer til i familien Pieridae, kvitvengjer.
Translation: I danced with a brimstone today.

søndag 29. april 2012

Fjorden vår

Når vi er komne på sjøen og ser utover fjorden, ser det slek ut:
Årene får ligge i ro for det meste, medan kveldssola spelar i vatnet, kanskje:
 Og fjella speglar seg:

Translation: Today we had our first trip on the fjord. Lovely spring weather!

Laurdagskafé

Det er retteleg kjekt å stå bak disken når det er laurdagskafé i bygda.





Translation: It is nice to sell food at a Saturday café.

fredag 27. april 2012

Enden av april

April har gått veldig fort, tykkjer eg, særleg den siste veka. Heldigvis har den vore fyld med gode ting som såpebobler på skuleplassen, gode bøker, matkurs i biologien, nye knoppar og spirer ute, gylle på bøen (frå eg var lita har dette vore nødvendig for å seie at sommaren snart kjem), lyse kveldar med vakre skyer, russeknutesprell, smake-maten-til-ei-veninne-når-vi-ventar-på-kvar-vår-buss-sidan-ho-hadde-ei-ekstra-skei-med-seg, tullete småungar, ukuleletonar og humler i hagen.



Translation: Spring is here, and it won't take long until summer takes over. My plan is to enjoy my days the best I can inbetween (very interesting) school projects.

Kreativ post

Nokre av dokke les kanskje bloggen til Tine Katrine, og har fått med dokke at ho har begynt å lage skikkeleg fine brev. Her om dagen var eg kjempeheldig og fekk eit, med søte ting både inni og utanpå.


Translation: I recieved this gorgeous letter from Tine Katrine a few days ago.

mandag 23. april 2012

Kontrastar

Anemones by Regnboge
No Brains by Regnboge

Translation: Contrasts.

søndag 22. april 2012

Down by the Riverside

Eg har massevis av små stadar som er perfekte til at ein kan gå dit for å vere litt for seg sjølv og tenke, eller at ein kan ta med seg vener og litt niste og fotoapparat. For eksempel her, ved den elva som renn nærast huset vårt, der vi pleide å kaste og plukke steinar i alle mogelege fargenyansar, der vi sat med og delte på ein pakke kjeks og ei flaske saft, då eg var lita.





Translation: One of my favourite places.

lørdag 21. april 2012

Mateksperiment: søtpotet

Her om dagen kjøpte vi fire søtpoteter, fordi eg har gått forbi dei i butikken eit par gongar og alltid hatt lyst til å smake. 

Eg skar dei i store strimlar og blanda ei matskei olje + ei halv teskei chilipulver (oppskrifta som eg fann på nettet sa paprika, som sikkert er betre, men det fanst ikkje i krydderskåpet vårt) i ei skål og brukte ei teskei til å smøre blanding over kjøtsidene av strimlane.
 Dei som ikkje fekk plass på brettet vart kokte. Potetkjøtet fekk ein fruktig konsistens, omlag som mango og glei veldig lett frå skalet. Funkar åleine så vel som med noko salt attåt.
Slek såg søtpotetstrimlane ut etter 35 minutt i bakarømnen på 200 grader. Høver gødt til steikte kjøtpølser.

Translation: I tried out baking and cooking sweet potatoes today. I think I'll need some more practicing, but it was pretty good.

fredag 20. april 2012

Russedåp

Torsdag var det russedåp på skulen, og over 120 raud- og svartruss samla seg for å ta foto, gå i prosesjon, døypast og ha ein triveleg kveld saman. Ikorren (ekornet) var litt skeptisk.
Russepresten hadde brun kjortel for høvet og mista nesten stemma etter å ha døypt den fyrste klassa.
Ettersom russevognene køyrde i gåfart, so vart det mogelegheit for oss som gjekk bak å teikne på ruta.
Russestyret hadde ordna med eingongsgrillar slek at ein kunne få grille seg mat utøve kvelden. Og so det er sagt: iste høver veldig gødt til slike høve.

Translation: Thursday all the seniors at my school gathered in our new outfits and had a nice evening.

onsdag 18. april 2012

Dag

I dag har eg nesten forsøve meg, ete rømegraut frå ein Mummi-køpp (rosa med Mummitrollet og Snorkfrøken på), drukke fire køppar te, fordjupa meg i religionsforedraget til i mårå, lytta til fin jazzmusikk, fått tak i Stopp volden-strykemerke som skal strykast på russebuksa, gått i raud prikkekjole (ein månad til eg skal gå i kjole på skulen igjen), sortert kvitteringar og billettar i lommeboka (fann til dømes bussbilletten frå Bergen og heimatt då eg og broren va på Mark Knopfler-konsert i 2010), sete i vårsola saman med vakre menneske, drøymt, tenkt på havet.

Translation: I am enjoying the springtime.

mandag 16. april 2012

Vårblomar x 3


1. Engkarse. Då eg va lita likte eg dette stadiet av livet til engkarsen best, fordi den såg ut som ei eksotisk palme.
 2. Scilla. Eg såg dei fyrst i hagen til farmor, og her heime har vi ein einsleg blome som pleier å spire kvart år, rett ved sidan av hundehuset.
 3. Ukjend. Vi tok nokre røter frå ein annan hage, og no har vi to store klynger av dei. Dei fleste blomane er blå, altso.

Translation: Flowers are starting to bloom.

søndag 15. april 2012

Vokalistar med gyldne krøllar

Michael Stipe frå R.E.M.:

Robert Plant frå Led Zeppelin:

Chris Martin frå Coldplay:

Joseph Washbourn frå Toploader:

Kjem de på fleire?

Translation: Can you think of more vocalists with golden, curly hair?

lørdag 14. april 2012

Fin måte å vakne på

I dag tidleg høyrde eg døra inn til rommet mitt opne seg og kjønte det va pappa som kom inn. Det va no utgjort at han skulle kome inn nett no, tenkte eg medan eg drog dyna over hovudet i håp om at det skulle hindre draumen, som var veldig fin og ikkje heilt ferdig-drøymt, i å forsvinne. "Post," seier han og sleng noko papir ned på nattbordet mitt. Motvilleg opna eg auga etter at han var gått, og då eit såg at der låg ikkje eitt, ikkje to, men tre fine brev som venta på at eg skulle lese dei fine handskrivne orda og setningane som vakre menneske hadde skrive, då var det i grunn ikkje so nøye med den draumen.

Translation: This is what met me when I opened my eyes this morning.

torsdag 12. april 2012

Vilt observert i dag

Mallards! by Eric C. Reuter
Stokkand: 2
Siland: 1
Andre ender: 4
Fossekall: 1
Hare: 1
Hjort: 8
Måsar: minst fem

Translation: Today I saw two mallards, one red-breasted merganser, four other ducks, one white-throated dipper, one hare, eight deer and at least five seagulls.

onsdag 11. april 2012

Boy & Bear

Australiarane er retteleg flinke til ditta med indie.
Boy & Bear:
Josh Pyke:
Angus and Julia Stones:

Translation: Australians aren't at all that bad at making indie music.

mandag 9. april 2012

Earl Grey på 1-2-3

 1. Earl Grey frå Twinings (svart te). Dette er jo ein av dei største klassikarane i teverda, og eg vil tru månge tedrikkarar har eit spesielt forhold til denne teen. Personleg vart eg kjend med den fordi det var den einaste teen mamma drakk då eg var lita, og dermed den einaste teen eg fekk mogelegheit til å prøve. Difor er den veldig nostalgisk for min del, men eg likar den òg fordi den er enkel og høver til dei fleste høver. Riktig nok kan ein bli litt lei av den over lengre periodar, men det er alltid gødt å vete at ein har ein boks med den originale Earl Grey-teen i skåpet.

2. Earl Grey Blue frå Hebden Tea Company (svart te). Denne teen hadde bror min med seg frå York for vel eit halvt år sidan, og her er kronblad frå kornblomen iblanda den svarte teen. Earl Grey Blue er difor meir aromatisk og med ein svakt søtare smak enn klassikaren. Eg vil velje denne varianten framfor klassikaren dersom eg verkeleg skal nyte koppen, eller viss lekselesing skal bli litt kjekkare.

3. Earl Grey Green Tea frå Twinings (grøn te). Denne er meir leskande enn dei to føregåande og samtidig blir den meir vanedannande, i alle fall for min del. Den er mildare i smak og lukt og smakar ikkje noko sterkt av Earl Grey, men det vil ikkje seie at den ikkje er velsmakande, for det er den.

Translation: The three types of Earl Grey teas I've tasted. I can't really make up my mind about which one is better, because they have different qualities. The clasic Earl Grey is an all-around tea, while the blue one with cornflower is more aromatic and suitable for relaxing afternoon dates with my homework. The green tea is rather addictive, at least for me.

søndag 8. april 2012

Påskeliste

- Litt endring på bloggen, for å gjere noko annleis.
- Tante og onklar på besøk.
- Snø som legg seg som alvevengjer i håret.
- Ei einsleg kvitveis.
- Lewis.
- Turar til ingen stadar gjennom skogen og fleire timar.
- Spontane gjestebod.
- Hundeblikk.
- Påskeeggjakt på berget utanfor huset.
- Storebror som lagar eggerøre.
- Lesing til heildagsprøve i biologi fyrste dag etter ferien.
- Muslingar og sniglehus frå fjæra.
- Samtaler om arkitektur og glasmåleri frå middelalderen.
- Snop frå Amerika.
- Raudmåla edderkoppar som dovnar seg på grankvistar.

Translation: I've had a wonderful Easter break. I hope you have too.

lørdag 7. april 2012

Bryophyta

Der tårna ruvar over botnlause avgrunnar av inkje, strekk seg mot ein annan himmel.
Islands by Regnboge
(Eller som biologen seier det: holege kjønnsplantar med sporeplantar.)

Translation: Where the towers, hovering over the abyss of nothingness, reach towards a different heaven.

fredag 6. april 2012

Ylva

Som nokre av dokke kanskje veit, so er yndlingsteikneserien min Thorgal, av Van Hamme og Rosinski. Saman skreiv og illustrerte dei 29 album i perioden 1980 til 2006, før dei enda dette prosjektet. Men, historia om Thorgal og familien hans er ikkje avslutta. Fleire nye historier er blitt publiserte, og i går og i dag har eg storkosa meg med Ylva, som fyrst kom ut  i 2011, og som stod på trykk på norsk i Fantomet-bladet i år.


Ylva er dottera til Thorgal. På det tidspunktet historia "Raisa" finn stad, er både Thorgal og Jolan (Ylva sin storebror) borte på kvar sine reiser, og Ylva bur saman med mora Aaricia i ein vikinglandsby. Livet her er langt ifrå enkelt for jenta, for ho er ein framand, dotter av bastarden frå stjernene. Men Ylva er ikkje eit vanleg barn. For det fyrste har ho arva faren sitt temperament og hans evner i bogeskyting, og for det andre kan ho forstå og snakke med dyr.

Desse eigenskapane, i kombinasjon med hovne gutar, uforståande mødre, ein flokk ulvar og ei mystisk hole, opnar opp for eit eventyr som, når ein er ei lita jente, nok hadde vore tryggare om ein hadde hatt ein dyktig storebror eller ein sterk far ved si side.






Translation: Yesterday and today, I have enjoyed reading the new spin-off series from my favourite comic of all time.