tirsdag 31. mars 2009

Draumekrøniker, Del 4 - Roque Ja og den oransje substansen

"Pass deg for løva," sa han til meg. "Ho er dum, men smart!" Går det i det heile tatt an? Det er jo enten eller, er det ikkje? Eg ville eigentleg spørre kva han meinte, men det hadde jo høyrt ganske tåpeleg ut om eg spurde om det var slik han nettopp hadde sagt det var. Etter ei kort stund fortsatte han: "Det er berre ein måte å beskytte seg mot henne på." Han viste meg ein rull med oransje netting. Ikkje det at eg visste kor han fekk det frå, eller kvifor... Han berre drog det fram når eg ikkje la merke te det. Han rista nettingen laus, i same augeblikk såg eg eit stort kattedyr kome springande opp bak han. Eg skulle til å rope, men før eg fekk laga ein einaste lyd, svinga han nettingen i ein sirkel rundt oss som eit gjerde, og løva stoppa. Med eit misfornøgd blikk såg ho på meg, før ho snudde ryggen til, og forsvann same vegen som ho kom.

"Kva er dette?" spurde, eller tenkte, eg ut i lufta. Både han og løva var sporlaust borte. Nettingen òg. Sidan eg ikkje hadde noko betre å finne på, so fekk eg vel prøve å finne nokon som kunne fortelje meg kva som var så spesielt med denne løva, og den oransje nettingen.

Eg blunka, og då eg opna auga mine igjen, stod eg på kanten av noko som kunne minne om ei sandvolleybalbane. Der var eit par mennekse dar, men på same måten som med netting-mannen kunne eg ikkje hugse andleta deira. Var eg i ein anna dimensjon kanskje, der folk ikkje hadde andlet?
To av dei kom bort til meg, og gav meg ein oransje paraply og eit grått armband. Men vent to litt! Den paraplyen var jo min, og det armbandet hadde eg laga sjølv. Kvifor hadde desse folka mine ting? Eg fekk ikkje noko svar på det, men dei sa at tinga mine ville beskytte meg mot løva.

For å vere ærleg, så var eg ganske lei av alt dette snakket om "løva". Folk snakka jo ikkje om anna, og dei tok tilogmed mine eigendelar. Nei, dette vart for dumt! Eg slengde paraplyen inn i baksetet på bilen vår, før eg smelde den igjen. Det skulle eg ikkje ha gjort. For på hi sida av bilen stod plutseleg ho... Løva! Eg opna døra så fort eg kunne, og tok ut paraplyen. "Ikkje prøv eg på noko," glefste eg mot henne. Overraskane nok tok ho til motmæle. "Den paraplyen kan ikkje beskytte deg," flirte ho, og viste fram eit stykke av paraply-mekanismen. Snikande sirkla ho meg inn.
"Du kan ikkje gjere meg noko!" ropte eg, og held fram armen mi så ho skulle sjå armbandet. Korleis det hamna på handleddet mitt e uforklareleg, men det forandra ingenting.

tirsdag 24. mars 2009

Draumekrøniker, del 3 - Forfølgjaren er nær

Vi sat midt i salen. Klart, vi var jo dommarar på UKM! Men sjølv om vi eigentleg skulle halde meiningane våre for oss sjølve, so diskuterte vi høglytt innslaga som kom. Det va no voldsomt kor kjedeleg det skulle vere då, og no so eg va so trøtt! Men eg kan jo ikkje sove no... Putt sann, kven merkar vel om eg søv? Det er jo berre ein draum uansett.

Eg stod på ein stol for å rekke opp til det øverste hjørnet av skåpet, medan eg samla saman alle smoothiane som stod der. Dei måtte for all del ikkje stå so openlyst, då ville jo han skjønne at eg var her med ein gong. då eg va ferdig og hadde pakka vekk alle flaskene tok eg til på neste rom med hylle. Smoothie dar òg.
Medan eg stod dar, i rommet som for øvrig var gamlerommet mitt, kom to-tre vener inn med kvar sin søppelsekk, full av høghæla, svarte sko. "Bra, set dei ved bordet der," sa eg. Når kom det møbelet dar, forresten? Det bordet høyrer til i raudehuset som vi leiger ut... Eller kanskje har eg berre sett det i ein katalog? Gutane gjekk ut, og ein av dei hadde tatt på seg ein av skoa, den einaste som ikkje var heilt svart. Den var jo svart, men hadde eit slags trekk; beige med lyse roser på. "Hei, du kan ikkje gå slik!" ropte eg. Ikkje fordi det var ein høghælt damesko, men rett og slett fordi ein kan ikkje gå i ein finsko og ein joggesko! So som logisk var, kasta eg den andre skoen etter han. Ikkje det at eg hugsa at det er sett på som ein fornærmelse av arabarar, men so var jo ikkje han arabar heller.
So gjensto siste del av planen. Kva planen gjekk ut på heilt eksakt visste eg ikkje, men vi gjekk no langs elva for å dekke over skiten etter hunden vår. Klart ville han sjå etter spor frå hunden vår, sjølv om ho ikkje hadde vore i nærleiken av oss på lenge.

So va det tid for evakuering. Eg visste eigentleg ikkje kvar eg skulle gjere av meg, men pappa og bror min sprang i forvegen. Korfor sprang dei så fort? Dei veit jo at eg ikkje klarer å halde følgje med dei, føta mine er jo blytunge. Eg sprang i slow-motion, tjue meter. Då datt eg. Sjølv om det va berre ein tynt lag med snø på bakken va det vanvitting tungt å springe. Etter to tjuemetrar til samt like mange fall, var eg komt til nabohuset. Dar sto grannekona i rosa morgonkåpe og tøflar. "Men... Ho bur no ikkje i det huset!" tenkte eg medan eg kava meg vidare.

So, ette mykje strev, kom eg endeleg te svingen. Det skulle bli gødt med nedoverbakke. Men dar sto han! For fyrste gong såg eg andletet hans: han hadde grå bart og skalla hovud, samt ei hue. Ja, eg veit han var skalla, for det var ingen andre enn musikk- og naturfaglæraren min! Eg bråsnudde, og ut fra hagen til ein av naboane kom ein eller to av venene mine, samt bror min. kva dei gjorde med læraren veit eg ikkje, for eg snudde ryggen til.