fredag 25. mai 2012

Blomeglede x 4

1. Humleblom. Eg vart ekstra glad då eg fann den ein plass eg aldri har sett den før.
 2. Hegg. No duftar hagen vår mildt av hegg, og det er so fint!
3. Kvitveis. Med mørkerosa kronblad.
4. Engsoleie. Samt to ulike edderkoppar (og ei fløge) i den same veven.

Translation: What I love the most about this time of year, is that each day you can find a new flower that wasn't there the day before.

torsdag 24. mai 2012

Bølgene

Eit bittelite utdrag frå boka Bølgene av Virginia Woolf.

Translated: Taken from The Waves by Virginia Woolf.

tirsdag 22. mai 2012

I bakgrunnen


Translation: Playing in the background

mandag 21. mai 2012

Eksamenstid

I mårå er det førebuingdag til den fyrste, og truleg den mest nervepirrande eksamenen for dette skuleåret. Men eg gler meg oppriktig til å prøve ut kva eg har klart å ta til meg av kunnskap og visdom etter å ha studert historie&filosofi på eiga hand i løpet av det tredje (eg uttalar det "treie") året på vidaregåande. Men det er litt skummelt òg, sidan eg ikkje har jobba med akkurat den typen oppgåver før. Men eg gler meg aller mest.

Translation: Wednesday is my first exam. 

søndag 20. mai 2012

Bille med futt i

I det eg skulle snike meg inn på ei diger blomefløge for å fange den i eit glas for nærmare undersøkingar, fekk eg auge på denne kameraten som sat på eit grasstrå. Det viste seg å vere ein grøn kamsmellar, eit retteleg logisk namn ettersom den var gullgrøn og laga smellelydar då eg tok den opp. Veldig fascinerande forsvarsmekanisme!

Translation: Sneaking around in our field, I came across this lovely beetle, Ctenicera petinicornis.

lørdag 19. mai 2012

I dag

I dag kjende eg meg litt som Maria i Sound of Music, fordi eg gjekk rundt i Førde med gamaldags kuffort og instrumentveske (skjønt eg hadde ukulele medan Maria hadde gitar). Men ettersom det var litt upraktisk å gå rundt i butikkar med dette i henda sette eg meg ned på ein triveleg kafé og kjøpte meg ein smoothie. Eg klarte å dryge den dei 25 minutta det tok før mamma og pappa kom med bilen.
Då gjekk vi på restaurant Bambus, og eg fekk endeleg prøve dei steikte nudlane dar, og det er verkeleg noko som eg tykkjer fleire skal smake.

Translation: Today I felt like Maria in Sound of Music, because I walked around in town with an oldfashioned suitcase and an instrument (I had an ukulele, while Maria had a guitar), and as I waited for my parents to come and pick me up, I spent 25 minutes drinking a smoothie. Afterwards, we went to a Chinese restaurant, which is my favourite place to eat.

I går

... fann bokhandlaren endeleg bokbestillinga mi, som hadde sneke seg vekk ifrå datasystemet i butikken, heilt bakerst i pakkerekkja.
... tok eg buss til Førde før eg sat på med ei fin ei til eit gebuskalas, der ein knakande god middag venta.
... hadde alle på seg nydelege kjolar.
... stelte gebusvertane i stand ein heilt herleg dessert som fekk sommarkjensla til å snike seg fram.

Translatoin: Yesterday I was in a birthday party with delicious food, pretty dresses and nice presents.