søndag 11. november 2012

Islandsk kjærleik

Denne gongen i form av musikk:

Translation: Icelandic love in the form of music.

fredag 9. november 2012

Når kvelden byrjar kløkka fire

Etter ei veke i praksis er hovudet ganske so fullt av tankar og inntrykk med tanke på fag og praksiselevar. Då er det viktig å kople av med å til dømes handle inn mjøl og bakepulver til baking i mårå, ha marinert laks til middag, lese dei fyrste 70 sidene i After Dark, gå spasertur med ei bra ei, lære seg nye songar på ukulele, drikke mjelk frå Snusmumrikken-køppen, ta ein varm dusj og lese litt til.

Translation: After a long week filled with new experiences it is important to relax, for instance by the aid of grocery shopping (for baking tomorrow), salmon for dinner, the first seventy pages of After Dark, walking with a good friend, new songs on the ukulele, milk, a warm shower and even more reading.

onsdag 7. november 2012

Mjukt/hardt

Eg skulle ynskje eg hadde ei slik pute å leggje hovudet på medan denne stemma her kunne få vandre fritt rundt i rommet.

Translation: I wish I had a pillow like this to rest my head on while the voice of Patti Smith could roam around the room. Soft and rough.

tirsdag 6. november 2012

I starten av november

- Snikfotografering av småfuglar gjennom kjøkenglaset heime.
- Kald luft som ikkje gjer skade etter at ein er varme av å gå og hoppe og springe.
- Rimdekte bøar.
- Varmare vêr.
- Å undervise praksiselevane for fyrste gong.
- Godkjent arbeidskrav i pedagogikk og elevforståing.
- Hybelsambuar som lagar karbonader ein får smake på.
- Patti Smith på øyret.
- Blå pysjbukse med sauer på.
- Å skode ut ovar eit glitrande Volda.

Translation: Life is good.

søndag 4. november 2012

Evigvarande

Dette er stadar og stunder der eg er barn og vaksen på same tid, til evig tid.

Translation: Here I am a child and an adult at the same time, for all of time.

lørdag 3. november 2012

Heime

Nett no har eg ei helg heimeheime, ladar opp til to og ei halv veke ute i praksis. Bestestøva luktar røykte hjortesider (det som til slutt blir pinnekjøt til julemiddagen), hunden lograr og trippar og ligg framfor omnen og er varm og god, og mamma og eg står opp kløkka åtte sjølv om det er laurdag. Slik får vi mest mogeleg ut av dagen, både roleg morgonstund, føremiddagsbesøk og eit slag yatzy. Etter middagen er det på tide å nytte det vakre haustvêret.

Skogen og luktene er dei same som då eg var lita, og pappa strekk ut armen, peikar, slik at eg akkurat får snu hovudet og sett geviret på hjortebukken som sto der for ein augneblink sidan. Ein femgreinar. Minst. Og ei stund skulle eg ynskje eg hadde skyteprøve og rifle med meg, slik at eg kunne gått besten og pappa i næringa. Men når hunden på tilbakevegen snusar seg fram til eit hjortehorn (som de veit: sidan hjorten fell geviret sitt kvar vår, so finn ein av og til horn ute i skogen) er det i grunn endå betre, slik at ein slepp å skyte dei elegante dyra.

Ettermiddagshimmelen har vore på sitt vakraste, og eg et ferske, grove rundtstykke med salami. Vi ser fjernsyn, spelar endå eit slag yatzy, eg hentar ved, og vi lyttar til elden i omnen medan eg les eventyr og nyt kvart sekund.

torsdag 1. november 2012

De andre

I kveld gjekk Margreth Olin sin film De andre på kino her, og filmskaparen var til stades og snakka litt om filmen før og etter framsyninga. Olin tek her føre seg einslege born som søkjer asyl i Noreg, og som ved avslag blir plasserte på mottak for å førebu seg på å returnere til heimlandet etter fylte 18 år. Ho let oss få møte nokre unge gutar som av ulike grunnar lever i frykt for å måtte reise attende.

Dette er ein utruleg sterk, sår og vond film. Månge stader kan den verke overveldande, delvis på grunn av at Olin har nytta effektar som musikk og nærast poetiske bilete og filmvinklar, men historiene som blir fortalt og tankane som dei unge mennene deler er gripande og det som er mest overveldande av alt. Og det at det som blir fortalt er sant, det er det som gjer mest inntrykk, at noko so tilsynelatande fjernt som krig og menneske på flukt har so vanvittig stor innverknad på nokre menneske sine liv og kjensler. Her, i Noreg.

Translation: This evening I saw Margreth Olin's film De andre (meaning "The others"), concerning the uncertain fate of youths who flee their countries and seek a better and safer life in Norway, only to be placed in institutions and kept there until they turn 18 and can be transported back to their native country. This happens despite the dangers these humans face in the places they fled from.

This is an incredibly strong and hurtful film, and yes, it is a film made to move the watcher and therefore it has music and scenes that might appear to be mere effects, but the stories that are told, and the thoughts that are shared by these young men are the most devastating parts of this film, and these are the parts that make the most remarkable impact on you. It is an important film. Watch it.