lørdag 31. desember 2011

"I rock"


Filmen "Stranger Than Fiction" er ein av dei søtaste eg har sett på lenge. Riktignok fekk eg ikkje med meg starten av filmen, diverre, men det eg såg var i grunn litt magisk. Kulissane, folka, replikkane, alt stemmer liksom slek at ein berre må setje seg ned og sjå.

Translation: I strongly recommend that you see the film "Stranger Than Fiction".

torsdag 29. desember 2011

Om dansande, ulukkeleg forelska graner

Å danse runddans med dei til dei knekk, det kan ho Dagmar,
 og so fell dei pladask for ho,
og dei ensar ikkje at dei ligg over vegen og må flyttast og stablast,
for dei har dansa med Dagmar.

Translation: This is how our road looked like after the hurricane called Dagmar had danced with the trees.

lørdag 24. desember 2011

God jul!

Då eg var lita, so tykte eg at Askepott var den tøffaste jenta som fanst, (tenk om ein kunne ridd på ei kvit hest, vore flinkare enn prinsen til å skyte, og få so fine kjolar utav hasselneter),
og eg skulle ynskje eg kunne synge like fint som Sonja, 
og so ville eg vere like snill som Karl-Bertil Jonsson.
Og sånn er det i grunn framleis.
Eg vonar dokke alle får ei strålande jul, med varme, gode tankar og ord, og forhåpentlegvis litt magi.


Translation: I wish you all a Merry Christmas!

fredag 23. desember 2011

I mårå

Vi har ei bestestøve. Den bestestøva luktar no av kvåe (kvae) og julegåvepapir, og når ein går inn treng ein ikkje skru på lyset. Det er fordi juletreet skin so fint av lys og kuler og fuglar og konglar og glitter, at ein ser det ein treng sjå.
I mårå er det julafta!

Translation: Tomorrow it is Christmas Eve!

torsdag 22. desember 2011

Peparkakebaking + nerding

Fyrst vart det litt biologi. Månen fekk ekstra krum hake og større nase (fordi det er eit biologisk faktum at masa og haka er delar av kroppen som veks gjennom heile livet), og dei to karane er læraren vår sin måte å teikne B-lymfocyttar og T-lymfocyttar i teikneserien han lagde til oss den siste biologitimen før jul.
 So vart det litt eventyrfigurar, med Gandalf Grå og ei havfrue,
 og so vart det litt litteraturnerding: Mr. Darcy (Pride and Prejudice), Fancy Day (Under the Greenwood Tree) og Mr. Bumble (Oliver Twist).

Dessutan fann eg og mamma ut at ein eigentleg burde hatt ei vifte som førte bakelukta ut i gongen, sånn at viss ein hadde fått besøk medan ein bakar, so hadde gjestane kommentert lukta, sånn at det vart naturleg at vi baud dei inn på nybakte kaker og slikt, og gjerne ein køpp te.

Translation: This year we made the gingerbread persons into famous characters from books, as well as some jokes with biology.

tirsdag 20. desember 2011

Juleferie

Ei lita liste over ting som har gjeve meg julestemning denne veka:
- Julekort med varme ord og tankar i.
- Klementinar i pøse.
- Gå/springe rundt juletreet med fine folk.
- Alle julepakkar klare.
- Gløgg og graut med mandel i.
- Få broren heim til jul.
- "Et so mykje dokke ve, for eg ska 'kje ha med meg ein einaste sjokolade heim" (norsklæraren min medan ho sender rundt ei diger skål med sjokolade og twist).
- Juleklemmar.
- Akkurat passe mengd med snøv.

Translation: Today my Christmas Holidays began, and everything is in place, giving me just the right feeling of Christmas.

søndag 18. desember 2011

Et dukkehjem

Den såraste, vakraste replikkvekslinga etter mi meining:

NORA. Doktor Rank, De har visst foretatt en videnskapelig undersøkelse i dag.

RANK. Ja nettopp.

HELMER. Se, se; lille Nora taler om videnskapelige undersøkelser!

NORA. Og tør jeg ønske Dem til lykke med utfallet?

RANK. Ja så menn tør De så.

NORA. Det var altså godt?

RANK. Det best mulige både for lægen og pasienten, - visshet.

NORA (hurtig og forskende). Visshet?

RANK. Full visshet. Skulle jeg så ikke ta meg en lystig aften bakefter?

NORA. Jo, det gjorde De rett i, doktor Rank.

HELMER. Det sier jeg med; bare du ikke kommer til å svi for det i morgen.

RANK. Nå, man får jo ikke noe for ingenting her i livet.

NORA. Doktor Rank, - De holder visst meget av maskerader?

RANK. Ja, når der er bra mange løyerlige forkledninger -

NORA. Hør her; hva skal vi to være på den neste maskerade?

HELMER. Du lille lettsindige, - tenker du nu alt på den neste!

RANK. Vi to? Jo, det skal jeg si Dem; De skal være lykkebarn -
HELMER. Ja, men finn på et kostyme som kan betegne det.

RANK. La din hustru møte som hun står og går igjennem verden -

HELMER. Det var virkelig treffende sagt. Men vet du ikke hva du selv vil være?

RANK. Jo, min kjære venn, det er jeg fullkommen på det rene med.

HELMER. Nå?

RANK. På neste maskerade vil jeg være usynlig.

HELMER. Det var et pussig innfall.

RANK. Der finnes en stor sort hatt -; har du ikke hørt tale om usynlighetshatten? Den får en over seg, og så
er der ingen som ser en.

HELMER (med et undertrykt smil). Nei, det har du rett i.

RANK. Men jeg glemmer jo rent hva jeg kom for. Helmer, gi meg en sigar, en av de mørke Havanna.

HELMER. Med største fornøyelse. (byr etuiet frem.)

RANK (tar en og skjærer spissen av). Takk.

NORA (stryker en voksstikke av). La meg gi Dem ild.

RANK. Takk for det. (hun holder stikken for ham; han tenner.) Og så farvel!

HELMER. Farvel, farvel, kjære venn!

NORA. Sov godt, doktor Rank.

RANK. Takk for det ønske.

NORA. Ønsk meg det samme.

RANK. Dem? Nå ja, når De vil det -. Sov godt. Og takk for ilden. (han nikker til dem begge og går.)

Translation: My favourite excerpt from "A Doll's House" by Henrik Ibsen.

fredag 16. desember 2011

Torsdagskvelden på 1-2-3-4(-5)

Akkurat stort nok bord til tre gryter, to muggar te, og tre fat med glas:
Ein ekstra stol:
Tagliatelle + kjøtbollar + brokkoli + sopp + peparsaus:
 Til dessert vart det kakao med is og kanel:
(Til slutt va det Gloppen scene.)

Translation: This is how me and two friends of mine spent the hours before the concert Thursday evening.

onsdag 14. desember 2011

Ei vakker dame med ei vakker stemme

(og ein vakker song i tillegg)

     

Remember me, but ah!
Forget my fate.

tirsdag 13. desember 2011

Skikkeleg bloggkonkurranse

Då har eg funne noko eg syns er fint nok til å kunne gje vekk som premie i ein bloggkonkurranse som eg nemnde so vidt, ganske usikker på om eg skulle, for ei god tid sidan. Men no har eg bestemt at det skal bli konkurranse.

Premien?
Ein liten boks med harepusar i ein skog på. Inni vil der ligge ein ring tilsvarande den på handa mi her:

Oppgåva?
Å lage ein ny bloggbunad til denne bloggen. Bakgrunn, header, oppsett og alt kan gjerne bli nytt.

Nokre krav til bunaden?
Neh, du står i grunn ganske fritt. Einaste krav er at dei ein eller anna plass skal stå namnet på bloggen, med undertittel, men det jo ganske greit. Men eg kan jo seie at eg vil ha det litt magisk. Kanskje med glitter? Eller stjerner eller skog eller lunger eller pust eller mjuke ting eller. (Ja, eg har litt vanskeleg for å bestemme meg når eg har masse idear.)

Korleis delta?
Legg att ein kommentar der du seier at du har eit føreslag, og linkar til evt. blogginnlegg/bilde av ditt forslag. (Viss du ikkje har blogg, so kan du sende på e-post).

Kor månge bunadar kan du ha med i konkurransen?
So månge du vil!

Kor lenge vil konkurransen pågå?
Det spørs kor månge som blir med. eg tenkte til over nyttår i fyrste omgong, men viss der er få deltakarar kan det hende eg vil utsetje siste frist.

+++ her er noken bloggar eg syns har skikkeleg fin bunad: himmelseng, terese blåklokke, hysjduskremmerfisken, kval&actionfilm, sitrende, tryllestøv, osv (og ja, desse bloggane er fine i innhald òg, so det er vel verdt turen innom sjølv om du ikkje har lyst til å vere med på konkurransen).

Translation: So, finally I've found a nice prize, that can be yours if you design me a new blog layout. I was pretty tired of the old one, and wish for something a bit more interesting. The only thing you need to do to enter, is to make a suggestion, leave a comment and link to a picture of it or a blog post where you present it.

Glitter

Untitled by brianoldham
brianoldham

lørdag 10. desember 2011

Husmorlaurdag

I dag va' eg husmor ilag med mamma, noke som resulterte i fruktjulekake, serinakaker, lussekattar og graut.

Translation: today, me and my mom made cookies, cakes and porridge.

torsdag 8. desember 2011

I Dreamt of Swans Last Night

Mjuke fjører med vassdropar på, undrande, svarte perler som ser på meg. Forbi. Ei av dei søm nærare, heilt opptil kanten på båten, eller kanskje er det berre ei strand, så nær at ho må bøye den lange halsen endå meir for å kysse den handa eg held ut. Kjenner kysset gjennom votten, mørkeblå i kveldslyset, kanskje kjem fargen frå havet sjølv. Det er i alle fall ikkje frå himmelen, for den er gyllen, men det er berre så vidt lyset skin gjennom den tjukke, grå skodda. Dessutan ser eg ikkje mot himmelen. Eg ser på svana, med den gulraudlege nebbet og dei svarte teikningane. Det er den fyrste knoppsvana eg har sett, den fyrste eg har verkeleg helsa på. Ho er heilt stille. Syng ikkje. Likevel er der noko nytt som kjem frå denne fuglen, det ligg i blikket, i den krumme halsen og stilla. Tre-fire andre svaner skjuler andleta sine, berre denne eine svana. Ho er den eine.
MacArthur (Mute Swan) by Eric C. Reuter

Translatoin: It was in the silence, its bright orange beak kissing my hand, it was in its long sloped neck. Something new. It is the swan. It is the one.

tirsdag 6. desember 2011

Tre yndlingstear no

1.: Chai-te frå Twinings. Med ingefær og kanel, perfekt krydra for seine desemberkveldar med litt sår hals.
 2.: Julete frå Cemo. Luktar eigentleg meir enn den smakar, men likevel blir ein varm og god i kroppen av nellik og diverse julekrydder (trur den har alle).
 3.: Kvit te frå Kremmerhuset. Madame Butterfly er mild og litt søtlig på tunga, og har ein herleg, gyllen farge som gjer alt litt mjukare.

Translation: Three of my favourite teas at the moment.

lørdag 3. desember 2011

Fyrste julebaksten

I går såg bakken sånn her ut, og eg hadde på meg lilla  kjole og blå tjukkelabbar (labbar = sokkar).
I dag var snøven vekke, men for å få julestemning likevel, lagde eg krumkaker for fyrste gong. Det er alltid mamma som lagar dei, men i år so ville eg prøve, og det endte opp med at eg steikte resten, etter at ho hadde laga tre-fire fyrst.

Translation: Yesterday, snow covered the ground. Even though it was gone today, it felt like December because we made krumkakes.

torsdag 1. desember 2011

" (...) den fyrste dagen i Blåfjell"

- Ete tre mandariner.
- Sjå fyrste episode av "Jul i Blåfjell".
- Bli glad når eg ser folk som drikk julebrus.
- Begynde å øve på julesongane.
- Drikke julete.

Translation: Finally it's December!