tirsdag 31. mars 2009

Draumekrøniker, Del 4 - Roque Ja og den oransje substansen

"Pass deg for løva," sa han til meg. "Ho er dum, men smart!" Går det i det heile tatt an? Det er jo enten eller, er det ikkje? Eg ville eigentleg spørre kva han meinte, men det hadde jo høyrt ganske tåpeleg ut om eg spurde om det var slik han nettopp hadde sagt det var. Etter ei kort stund fortsatte han: "Det er berre ein måte å beskytte seg mot henne på." Han viste meg ein rull med oransje netting. Ikkje det at eg visste kor han fekk det frå, eller kvifor... Han berre drog det fram når eg ikkje la merke te det. Han rista nettingen laus, i same augeblikk såg eg eit stort kattedyr kome springande opp bak han. Eg skulle til å rope, men før eg fekk laga ein einaste lyd, svinga han nettingen i ein sirkel rundt oss som eit gjerde, og løva stoppa. Med eit misfornøgd blikk såg ho på meg, før ho snudde ryggen til, og forsvann same vegen som ho kom.

"Kva er dette?" spurde, eller tenkte, eg ut i lufta. Både han og løva var sporlaust borte. Nettingen òg. Sidan eg ikkje hadde noko betre å finne på, so fekk eg vel prøve å finne nokon som kunne fortelje meg kva som var så spesielt med denne løva, og den oransje nettingen.

Eg blunka, og då eg opna auga mine igjen, stod eg på kanten av noko som kunne minne om ei sandvolleybalbane. Der var eit par mennekse dar, men på same måten som med netting-mannen kunne eg ikkje hugse andleta deira. Var eg i ein anna dimensjon kanskje, der folk ikkje hadde andlet?
To av dei kom bort til meg, og gav meg ein oransje paraply og eit grått armband. Men vent to litt! Den paraplyen var jo min, og det armbandet hadde eg laga sjølv. Kvifor hadde desse folka mine ting? Eg fekk ikkje noko svar på det, men dei sa at tinga mine ville beskytte meg mot løva.

For å vere ærleg, så var eg ganske lei av alt dette snakket om "løva". Folk snakka jo ikkje om anna, og dei tok tilogmed mine eigendelar. Nei, dette vart for dumt! Eg slengde paraplyen inn i baksetet på bilen vår, før eg smelde den igjen. Det skulle eg ikkje ha gjort. For på hi sida av bilen stod plutseleg ho... Løva! Eg opna døra så fort eg kunne, og tok ut paraplyen. "Ikkje prøv eg på noko," glefste eg mot henne. Overraskane nok tok ho til motmæle. "Den paraplyen kan ikkje beskytte deg," flirte ho, og viste fram eit stykke av paraply-mekanismen. Snikande sirkla ho meg inn.
"Du kan ikkje gjere meg noko!" ropte eg, og held fram armen mi så ho skulle sjå armbandet. Korleis det hamna på handleddet mitt e uforklareleg, men det forandra ingenting.

Ingen kommentarer: