I dag var vi på geografieksursjon til Fjærland for andre gong i år for å sjå på brear. Dei fleste i klassa vår hadde vore dar tidlegare i år, men no var det tid til litt meir teori, istaden for berre å høyre på foredrag. Men det var nok ikkje fag som vart mest omsnakka då vi var på museet, for vi var nemleg ikkje dei einaste. Plutseleg fekk vi beskjed om å samle oss i den eine delen av rommet, og guiden vår for dagen fortalde at vi måtte gje plass til noken so skulle filme noken, og veit de ken dei sistnemnde noken va? Japan sine to kandidatar til Miss Universe 2010!
Og då fekk eg ein liten tulle-idè, nemleg at når vi gjekk forbi dei (etter at dei var ferdige med intervju og filming), so skulle eg seie "Konnichiwa!" te dei, og høyrest skikkeleg språkkyndig ut sjølv om eg berre kan noken få japanske gloser, og so gå vidare. Eg fortalde om idèen til Ingvild, som eg sjølvsagt sat på same bord som, og vi rista på hovuda våre og lo ei lita stund, før vi fortsette å ete is.
Men det so e so lurigt med slike tulle-idèar, er at dess meir du tenkjer på dei, dess meir får du lyst til å gjere dei. Etter ei konflikt inne i meg sjølv fann eg ut at jo, eg skulle seie "konnichiwa" te dei, om det no kunne bli aldri so flaut! Eg måtte berre ete opp gulrota mi fyrst, og då eg nesten var ferdig, såg vi at japanarane (det var fleire landsmenn med dei (og eg tykkjer forresten japanarane e noken av dei søtaste folkeslaga i verda)) var på veg ut, og ei stund seinare tok dei ein buss i motsatt retning av den vi seinare skulle i. Ganske synd, eigentleg...
Litt seinare på dagen såg vi ei stor kontrast til modellane: ein kulerund mann med lyserosa fleecegensar, og knallrosa caps.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar