No er det snart tid for trekkfuglane å breie vengjene og snu nebbet mot sørlegare trakter, og rundt overalt kan ein høyre ein fuglemamma som forsøker å gjere ungane sin fyketeknikk endå litt betre, eller fuglekarane møtast og organiserer formasjonane. Det er lyden av oppbrot, og Snusmumrikken i meg vil følgje på og berre vandre, vandre.
Kanskje tek eg på meg snøreskoa og fer på ei lita reise, under greiner og mellom steinar, over møse (mose) og små åsar. Det er då det sler meg at det er ingen vakrare stad om hausten enn akkurat her, og eg tek ei liten sving og endar opp inne på tunet til foreldre, vener og ein hund.
(Øvst ser du ei laksandmor med åtte ungar, og sidan vi ikkje ser dei so gødt, so får dokke sjå ein bokillustrasjon av dei òg.)Translation: The birds readying themselves for the southern lands.