mandag 9. juli 2012

Den var ein gong oppe ved støylen

... at skyene låg som ei hue over fjella, og silkje( slik vi seier "silke")-graset bølgja seg på støylskvia i det vinden bles gjennom det. Ein flott dag for støylsslått.
Hunden var svolten, og i desperasjonen byrja ho å tygge på alt ho kom over, til og med tørre stubbar.
Der var òg eit anna dyr som hadde lyst på mat, og som kravla rundt i hundepelsen. Men det varte ikkje lenge.
Til slutt vart det mat til både hund og folk, då grillen vart kveikt og karbonader lagt på.

 Translation: This is how my day went by.

2 kommentarer:

motionocean sa...

Wihuuu! MEN: er det sånn en flott ser ut??

Regnboge sa...

Siv: Japp, det er ein flått. Ein av dei større. Denne var svart, men kroppen kan til tider vere raudleg brun.
Det er heller ikkje uvanleg at dei er mindre enn halvparten så store, noko som gjer dei vansklege å få auge på før dei har bite seg fast.