mandag 16. juli 2012

Frå sommarleiren

Då har eg søve i mi eiga seng ei natt og vore heime ein dag, og det er i grunn deileg. Som ein målungdom uttrykte det (omlag): "NMU sin sommarleir har mange kvalitetar, søvn er ikkje ein av dei". Men eg tenkte likevel at de skulle få eit lite innblikk i dei tilstadeverande kvalitetane. Her kjem tre høgdepunkt.

1. Sosiale konkurransar som Ticket to Ride. Og fotballturnering som baud på spenstige og uforutsigbare vendingar, der ein aldri heilt visste om ballen vart sendt i mål eller i sida på ein av tilskodarane.

2. Tur til Jostedalen og Nigardsbreen, etterfølgd av lunsj ute i det fri med bål, såpebobler og volleyball.

3. Den store sommarleirfesten, med fin bordpynt og interessante samtaler. I tillegg til velsmakande mat og loddtrekking, er melodikappleiken omlag det ein ser mest fram til med heile greia (eg og tre andre deltok med to nye vers av "Hanen stend på stabburshella").

(4. Duken var forresten slek at ein kunne teikne på, og fargestifter var lagde fram til det bruket.)

Translation: Now I'm back from a long weekend with splendid people. To illustrate how much fun we had, I'll show you some photos.

2 kommentarer:

Gitte sa...

Å, så ut som en veldig fin leir! ^^ Jeg har faktisk aldri spilt Ticket to Ride, men ser at det er populært på spillkvelder.

motionocean sa...

JEg tror jeg også kunne likt meg der! såpebobler, volleyball og fiiiiiiiin utsikt! Så fine bilder, du er flink, du!