tirsdag 9. juli 2013

Sommarsyslar

- Vitje Bokbyen og ta med seg elleve titlar i bagasjen (og kanskje gløyme att kameraet hjå veninna ein vitja)
- Få sommarvakre brev i posten, fylde med von og gode tankar
- Konkludere med at Lighthousekeeping kanskje er ei av dei vakraste bøkene ein har lese på lenge

- Finne den perfekte blomen på hagesenteret, som ikkje fekk plass i bilen
- Rydde rom i farmorhuset, so ein er eit steg nærare ei eiga skrivestove
- Bake karvekringler og ingefærkake

- Handle på Søstrene Grene for fyrste gong
- Plukke årets fyrste markjordbærstrå
- Forete seg på det som kanskje er dei beste dyrka jordbæra i fylket

- Finne att den elektroniske skrivemaskina frå åttitalet
- Kjøpe nye frimerker
- Lengte litt etter sola

2 kommentarer:

Johanne sa...

Sommaren altså! (Eg og vil til bokbyen! Der er det mange år sidan eg har vore, men kan framleis hugse lukta i dei husa. Gamle bøker luktar fantastisk)

Maria. sa...

Fine sommersysler. Jeg plukket også markjordbær forleden, har ikke gjort det på flere år. Var veldig koselig.