lørdag 31. januar 2015

Spania | Frukthagen

Den månaden eg var i Spania, budde eg og dei andre studentane i ein liten oase mellom byen og dei karrige fjellsidene. Vi fordelte oss på seks småhus og leilegheiter på ein heller stor eigedom, og rundt og mellom husa var det fullt av tre som gav skugge og som spreidde ei mjuk, svakt krydra og frisk lukt. Der var store furutre og kaktusar, mimosa og pecantre, og til og med silketrådtre og bambus. Men dei trea eg vitja mest på mine små hagevandringar, var frukttrea, og særleg etter at husverten vår oppfordra oss til å plukke so mykje frukt vi berre orka.

Dei mest talrike trea var dei som bar lime. Fruktene var ikkje modna då vi kom, og seinare gløymde eg diverre av å prøvesmake dei, sjølv om eg er viss på at dei hadde fått det spanske vatnet til å smake merkbart friskare.Men fine var dei, trea! Å ete på restaurant i gamlebyen like ved, var for øvrig ikkje heilt risikofritt: Ein gong var ein lime ti-tjue centimeter frå å treffe ein engelsk turist i hovudet.
I tillegg til limetre var der òg to tre som bar noko med litt meir farge, nemleg mango. Eg er litt usikker på om det var to ulike mangosortar, eller om det hadde med næring og stell å gjere, men det eine treet hadde mange og små frukter, medan det andre hadde store og fåtalige. Dei minste mangoane var lette å få tak i, og var dessutan modne før dei i nabotreet, og det var ei god kjensle å hauste sin fyrste mango.
 Dei siste frukttrea var heller blyge av seg i starten, men i midten av oktober hadde sharonfruktene (som òg ber namna persimon og kaki) fått ein freistande, glødande oransjefarge, og dei losna velvillig frå stilken so eg fekk smake. Sharon er desidert ei av mine favorittfrukter, so det var eit lite eventyr å kunne gå og plukke etter som ein fekk lyst på. Dessutan fungerer dei utmerka å steike saman med kylling, eller til å ha saman med ris og krydder. Og husverten delte gjerne tips og idear til korleis ein kunne tilberede dei.
Og for å kome litt tilbake til dei store mangoane: Etter kvart tok toppfruktene til å dette ned slik at eg nådde tak i dei òg, so sant eg kom til frukta før hønene, grisane, eselet og ponniane. Og det var verkeleg blant dei beste mangoane (som òg er ei favorittfrukt) eg har smakt.


4 kommentarer:

Gitte sa...

Så herlig å få plukke mango og sharon rett fra trærne! Det er absolutt noe eget med å høste fra naturen.

Jack sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
tine katrine sa...

Frukttrær er det beste. En dag skal jeg ha en hel hage full av dem. Spesielt plommetrær.

Benedicte sa...

Åååå så fantastisk godt! Frukttrær er de beste <3 vi har en del plommetrær og bestemor har en hage fylt med epletrær så om høsten høster vi inn alle mann og lager syltetøy og saft, paier og eplemos. Nam nå gleder jeg meg litt til høsten egentlig.