søndag 8. mai 2011

Ein nebbmunn

Teger er vakre skapningar. Dei har snabelmunn og trekanta scutellum. Det finst minst 451 av dei Noreg, og eg trur den eg vart venn med i dag er ei bjørketege (klarar de å finne den?).

Translation: I think Heteropteras are beautiful

lørdag 7. mai 2011

Slik gjekk det

Det var liksom kjærleik ved fyrste blikk på torsdag, sant. Ogso vart vi einige om å møtast på laurdag då, veit de. Og korfor ikkje berre flytte saman?
med eit superfint namn og alt,
og blomar som ein gong rundt 15. august blir modne morellar.

Translation: This sweet cherry tree and me are now living together.

7 o'clock

Omlag då rulla eg ut liggeunderlaget på det regnvåte graset.
 Fyrst åt eg ei skjeve loff,
 og helte litt kakao oppi køppen,
 før eg åt yoghurt og seinare eggerøre,
 og avslutta med vassmelon
 og "The Complete tales of Winnie-the-Pooh" til dessert.
Rundt meg song fuglane.

Translation: Today I got up half past six and made breakfast, which I ate under the large sallow tree. Afterwards I raed about how Pooh got into a tight place.

fredag 6. mai 2011

Tankar rundt ein vassmelon

Medan ein et vassmelon kan ein no tenkje på at:
- Aldri meir matematikk (på vidaregåande i alle fall).
- No kan eg meir fransk enn eg hadde våga å håpe på for to år sidan.
- I går såg eg ein mann med snøkvitt hår som sto rett til vêrs, og han hadde marineblå dress.
- Urte- og grønsakshagen kan utvidast når som helst no, fordi plantane står klare på mjølkerommet i fjøsen.
- Slike som kjenner foreldra mine seier av og til "Ho e' so like mora!" når eg helsar på dei for fyrste gong.
- I mårå har eg eit stevnemøte, på ein måte.
- Eg har funne ut at ein song eg syns er artig heiter "Maple Leaf Rag", so no kan eg søke den opp og høyre på den når eg vil.
- I teskåpet har eg ein nyopna pøse med mangote.

Translation: Water melons are perfect when you want to think of nice things.

onsdag 4. mai 2011

Medan

... eg er oppslukt i biologistudering og fransklesing, så kan de prøve å tyde skrifta som småkrypa har prega inn i denne bjørka. På latin er bjørkeslekta Berula, og eg likar korleis det ordet bølgjar på tunga.

Translation: While I'm busy with studying biology and reading french, you might want to try to interpret the writings in this birch? Today I found out that its genus is called Betula in Latin, and I like the sound of it.

mandag 2. mai 2011

Berre fordi


Eg vil ha ein slik stad.
Translation: Just because. Click here for more.

søndag 1. mai 2011

Waves tire of horizon and return

Slik sa Derek Walcott det ein gong, medan her svevar steinar der steinar aldri har svevd før, på same måten som taren er i eit nytt element. Sjøstjerna er i ei anna verd no, i alle fall slik ho ser det sjølv, og ser kanskje ned på blåskjelvenene og vinkar.

Translation: That is how Derek Walcott put it once, while now stones hover where stones never hovered before, just like the kelp is in a new element. The Starfish finds herself in a new world, at least the way she sees it, and maybe she sees the blue mussels and wave to them.