Det skal bli litt deileg å sleppe å stå opp ein og ein halv time før skulen startar for å gå på bussen halv åtte og sitte der i 40 minutt og so vere framme 20 minutt før skulen startar. Skjønt det var ein særs fin utsikt.
Translation: I'm looking forward to not having to get up 90 minutes before school starts and then sit on the bus for for forty minutes and be at school twenty minutes before it starts. I'll miss the view, though.
Kanskje den vakraste, og såraste, kjærleikssongen eg veit om. Her med mi halvgode omsetjing.
Ne me quitte pas Ikkje forlat meg.
Il faut oublier Lat oss gløyme
Tout peut s'oublier alt som kan gløymast
Qui s'enfuit deja [og] som allereie er hendt.
Oublier le temps Gløym tida
Des malentendus med sine misforståingar
Et le temps perdu og [gløym tida] som er forbi
A savoir comment [ved å] finne ut korleis
Oublier ces heures [ein kan] gløyme desse timane
Qui tuaient parfois som til tider drap,
A coups de pourquoi [ved hjelp]av forbipasserande "korfor?",
Le coeur du bonheur det lukkelege hjartet.
Ne me quitte pas (4 fois)
Moi je t'offrirai Eg skal bringe deg
Des perles de pluie perler av regn
Venues de pays frå land
Où il ne pleut pas der det ikkje regnar.
Je creuserai la terre Eg skal grave i jorda,
Jusqu'apres ma mort til og med etter min død,
Pour couvrir ton corps for å dekkje kroppen din
D'or et de lumière med gull og lys.
Je ferai un domaine Eg skal skape eit rike
Où l'amour sera roi der kjærleik skal vere konge,
Où l'amour sera loi der kjærleik skal vere lov,
Où tu seras reine og du skal vere dronning.
Ne me quitte pas (4 fois)
Ne me quitte pas
Je t'inventerai Eg skal finne opp
Des mots insensés uforståelege ord
Que tu comprendras som einast du skal forstå.
Je te parlerai Eg skal fortelje deg
De ces amants là om desse elskande
Qui ont vu deux fois som to gongar såg
Leurs coeurs s'embraser sine hjarte blusse opp [i flammar].
Je te racont'rai Eg skal fortelje deg
L'histoire de ce roi historia om kongen
Mort de n'avoir pas som døydde fordi han ikkje
Pu te rencontrer var i stand til å finne deg.
Ne me quitte pas (4 fois)
On a vu souvent Ein har ofte sett
Rejaillir le feu elden bli vekt [til live]
De l'ancien volcan i den gamle vulkanen
Qu'on croyait trop vieux som ein rekna som for gamal,
Il est paraît-il det er tydeleg.
Des terres brûlées Den brente jorda
Donnant plus de blé gjev betre kveite
Qu'un meilleur avril enn den beste april,
Et quand vient le soir og når kvelden kjem
Pour qu'un ciel flamboie for å setje himmelen i brann:
Le rouge et le noir det raude og det svarte,
Ne s'épousent-ils pas giftar dei seg [då] ikkje?
Ne me quitte pas (4 fois)
Ne me quitte pas Forlat meg ikkje,
Je ne vais plus pleurer eg skal ikkje gråte meir,
Je ne vais plus parler eg skal ikkje snakke meir.
Je me cacherai là Eg skal gøyme meg her
À te regarder for å sjå deg
Danser et sourire danse og smile,
Et à t'écouter eg skal høyre deg
Chanter et puis rire syngje og le.
Laisse-moi devenir Lat meg vere
L'ombre de ton ombre skuggen av skuggen din
L'ombre de ta main skuggen av handa di
L'ombre de ton chien skuggen av hunden din,
Ne me quitte pas (4 fois) (berre) ikkje forlat meg.
Translation: Perhaps one of the most beautiful and saddest love songs I know of. Here I've tried to translate it into Norwegian.
"Når de ungane slite so månge slukar når de fiskar, so må eg gjere noke."
Og difor (seier vi) har far min funne fram sandpapir, spraylakk i gull, sølv og raudt, nye krokar og ei pipe, for syns skuld, for å gje gamle slukar nytt liv.
Translation: My father has started to shine up some old fishing lures, giving them new hooks and spraying them in silver, gold and/or red.
- "The Soul of the Rose" av J. W. Waterhouse som månadens kalenderbilete.
- Signert hybelkontrakt og løklar til hybelen i lomma.
- Morelltre langs vegen.
- Ny matboks til lærarstudent-lunsjar (kvit med grøne blomar på loket).
- Fundering på kva som skal bli den neste boka å lese (etter Roskilde).
- Å helse på jenta som eg skal dele hus med. Det skal bu ein gut der òg, men han var ikkje der i dag.
- Å lytte til regnet.
Translation: August has just started, and it started good. I hope and believe this month will bring many new experiences and joys.
Tek bøker ut av bokhylla, legg dei i kasser. Likeeins med fat og asjettar, køppar og bestikk. Og ei ause. Eg et kvelds saman med mamma og pappa og vi rundar av måltidet med te og to sjokoladeruter kvar med radioen i bakgrunnen. Pratar. Pappa finn fram ei bok eg ikkje visste han hadde men som eg trur eg kjem til å elske. Vi lagar forresten eigne historier der vi sit. Utdjupar kvarandre sine moment og idear. Eg ringjer broren som er i Bergen for i natt for so å fyke vidare til Skottland og so vidare til York. Minner han på å kjøpe med seg engelsk te heimatt. Hunden tok avreisa hass overraskande bra, kanskje det hjalp å forklare det skikkeleg til ho, det at han blir berre vekke i eit par månadar. Han kjem tilbake i oktober. Om ei veke må eg forklare at eg òg skal reise vekk. Flytte. Men eg skal kome attende. Før oktober ein gong.
Translation: I'm getting ready to move out next Sunday. I've been emptying my bookshelves and packing plates and cups and forks. I ate supper with my parents before finishing the meal off with two pieces of chocolate and some tea. We talk about books and make stories of our own. I call my brother to remind him to bring with him some tea from York, where he'll be staying for some time. Then he'll return to his studies and come back home in October. In a week I'll be gone too. I'll come home, though, sometime before October.