søndag 8. februar 2009

Draumekrøniker, Del 2- Tre bryllaup og ein riddar 1/2

Høgdepunktet for festen nærma seg, det var høgtideleg dette. Eg og tre andre veninner sat ved eit bord til venstre i den vesle gymsalen, så vart to namn ropt opp. eg og ei av veninnene mine reiste oss opp og gjekk fram i salen og stilte oss framfor talarstolen, tok mikrofonen. folk var nok spente no, kva kom vi til å seia? Så gjorde vi det ei alle hadde venta på; vi sette i gong og song av full hals, og gjorde eit par voldsomme dansetrinn. Forsamlinga jubla og song med, i ekte musikal-stil. Det var happy ending.
Etter ei heller opplivande oppvisning av oss sette vi oss tilbake på stolane våre. På vegen smilte folk til oss og ropte eit eller to rosande ord; vi hadde tross alt redda heile kongeriket. Eg pusta ut og let meg gli ned på setet mitt. Herleg at det var over, alle desse farane vi hadde vore gjennom. Og belønninga var jo ikkje so verst: Heile gymbygget til odel å eige, høveleg for ei prinsesse som meg.

Då festen hadde stått stille ei stund, kom nokon eg ikkje hadde trudd skulle kome. Den veninnda mi som var med meg fram til talarstolen har ein eldre bror, og det var jo ikkje så rart at han var der, men det som overraska meg, var at dei andre to hadde òg fått seg eldre brør. Ein av dei hadde mørkt hår og smalt ansikt, høg. Den andre var lavare, og hadde eit breiare ansikt med markerte trekk og brune auge. Ansiktet var omkransa av mørkebrunt, bølgjete hår, alt i alt ein kjekk ung mann, og eg må innrømme eg vart litt usikker på kva eg skulle seia for å ikkje vere dum. Om alt gjekk som eg håpa, ville eg få sjå meir til han i nærmaste framtid.

Ingen kommentarer: