søndag 8. februar 2009

Draumekrøniker, Del 2- Tre bryllaup og ein riddar 2/2

Dagane gjekk vidare, og søskenbarna mine frå morssida kom for å bu i gymbygget saman med meg. Dei fekk dele eit par sofaar på det gamle legekontoret, eg kunne jo ikkje gje dei kvart sitt rom! Som om det ikkje var nok å ha fullt av fotografar snikande rundt i slottet til ei kvar tid... Men eg var no glad dei ville bu der og halde meg med selskap lell.

Ein dag eg var på veg frå dei og ut til ein av gangane, gjekk eg forbi ei dame, og frekk som ho var tok ho eit nærbilete av meg, og den augeblinken eg hadde gått forbi henne, bråsnudde eg meg mot henne. "Kva held du på med?!" sa eg høglytt, før eg tok frå henne kameraet. då ho prøvde å ta det tilbake, ropte eg jo sjølvsagt på vaktene mine (det er jo i slike tilfeller ein treng dei) og bad dei hente dronninga, altså mor mi.
Men det var far min som kom i staden, så han tok henne inn på eit rom for å forhøyre henne. Imens, hang eg ilag med nokre av riddarane og dei to kjekke brørne til veninnene mine.

Engeleg var dagen for brullapet der. Eg tok på meg dei finaste kleda eg hadde, og fòr av stad. Eg kunne jo ikkje gå glipp av dette! Då eg såg den kjekkaste av dei to unge gutane, smilte eg det breiaste eg kunne, og såg med glede på korleis dei tre veninnene mine vart gifte bort til kvarandre sine brør, inkludert han. Under vigselen heldt eg rundt halsen på den rosa dragen min, og fekk den til å fyke opp så eg kunne sjå betre. Det var eit fantastisk brullaup, alle tre jentene var vakre som alvar, og hadde funne seg flotte mannfolk!

Vel tilbake i gymbygget var alle ungjentene på veg ut av ein av gangane. Ved ein av veggane sat ein riddar ved eit bord og skreiv autografar til jentene som gjekk forbi, og dei som spurde fekk også ein klem eller eit kyss på kinnet. Han hadde langt brunt hår, knytt i ein hestehale og markerte trekk. Som prinsesse stod eg sjølvsagt ved sidan av han, sidan han skulle reise bort. Fleire gongar såg han opp på meg og smilte med eit nydeleg smil med smilerynker. Eg smilte tilbake og såg på den store flokken av jenter som gjekk forbi.
Eit herleg prinsesseliv!

Ingen kommentarer: