fredag 3. april 2009

Draumekrøniker, Del 5 - Gjennom veggen

Eg stodi eit middels stort rom. Det var høgt under taket, hyllene var fyllte med gamle klede og ting. Etter å ha leita i alle krikar og krokar fann eg endeleg noko eg ville ha (for når eg hadde først gått inn i ein slik butikk, så måtte eg jo kjøpe noko). Det var ein blå/turkis kjole til 50 kroner; akkurat det beløpet eg hadde i lomma! Fornøgd gjekk eg bort til kassadama, og la kjolen på disken. "80 kroner," sa ho med eit likegyldig uttrykk. Eg protesterte, men då ho viste meg ein annan lapp der det stod "80 kr,-" skjønte eg at eg hadde tatt feil.
Eg kunne ikkje la den kjolen gå ifrå meg! So fort eg berre kunne, sprang eg ut i Oslos gater og leita etter mamma. Ho hadde sikkert tredve kroner, slik at eg kunne kjøpe det blå klesplagget. Det varte ikkje lenge før eg fann ho, og hadde returnert til butikken. Men... Alt var forandra! Dama bak disken var vekke, og no hadde butikken blitt overteke av ein mann. I eine enden av rommet var det stabla nokre kasser. Fortvila byrja eg å leite, men den blå kjolen var vekke. Då eg spurde en noverande innehavaren av butikken, sa han at han aldri hadde sett noko til ein slik kjole som eg beskreiv. Skuffa gjekk eg.

Neste dag var eg tilbake. Eg kunne rett og slett ikkje gløyme kjolen, og leita endå meir. Og underleg nok fann eg den, og betalte for den.
Ettersom eg no hadde funne det eg hadde leita so desperat etter, begynte eg å leggje merkje til alle dei andre vedunrelege tinga rundt meg. Sia eg ikkje hadde noke betre å ta meg til, gjekk eg likesogødt igjøna alle hyller og skap ein gong til. Der va utruleg mykje spennande! Gamle bilder og pyntefigurar og anna. Då eg trudde alle øskjer og skåp var endtevendte, spurde mannen, som no var blitt ganske gamal, om eg ville sjå endå meir. Klart ville eg det!

Han gjekk bort til eit gammaldags skrivebord med små hyller og skuffer, og opna ei lita luke for so å ta ut ei bok. Plutseleg begynte veggen til høgre for oss å opne seg, og eit kraftig lys strøymde utover rommet. Frå opninga høyrde eg ei stemme som sa namnet til den gamle (i skrivande stund er det umogeleg for meg å gjengje dette namnet. Kanskje var det for farleg for dei at eg visste det? Det einaste eg hugsar, er at det begynte p "O").
Veggen lukka seg, og alt vart stille. Men no var det ikkje berre eg og mannen i butikken; ved veggen som hadde opna seg, stod ein indisk gut, og saman med han var Peter, Kong Peter Den Store av Narnia! Mannen gjekk bort til Peter og la ei hand på skuldra hans. "Du tilbake til Narnia, Peter. Dei treng deg," sa han, og dytta oss tre inn i veggen, som på ny hadde opna seg. han såg redd ut.
Så vart det mørkt, og den indiske guten leda oss opp og ned trapper, og snart visste eg ikkje om vi var på veg framover eller bakover. Etter det som verka som ei æve, stoppa han. "Eg håpar De kjem Dykk heim att," bukka han og opna ei luke over oss. Vi steig opp, og plutseleg var vi i ei gate med yrande folkeliv, men ingen bilar. "Bangkok," tenkte eg, men for å vere på den sikre sida, fann eg det lurast i å spørje ein forbipasserade om kvar vi var.
"Hong Kong," svara han

Ingen kommentarer: