mandag 20. april 2009

Draumekrøniker, Del 6 - På flukt... Igjen!

(Dinna krønika består av draumar frå tre netter på rad, som eg på ein merkeleg måte følte høyrde ihop som delar av same historia.)

Eg og onkelen min gjekk langs veggen på innsida av eit naust, og eg vart ganse overraska over at dette nauset var bygd slik at båten flaut i eit minst to meter djupt basseng, og kanten vi gjekk på var kanskje ein 30 centimeter brei. Sia det var ganske vanskeleg å gå på ei so smal stripe, tenkte eg at eg like godt kunne gå via båten, som låg nesten inntil veggen. Men i det eg hadde sett eine foten oppi begynte den å synke. Vatnet rundt båten vart fyllt med olje, og eg trakk foten tilbake so fort eg kunne før eg bråsnudde og gjekk tilbake den vegen vi hadde komt. Ved døra, stod ei høg, blond dame, og i det eg hadde trakka utanfor dørstokken, hoppa onkelen og bror min ut i vatnet. Litt forundra såg eg etter dei, før dama ved sidan av meg sa likegyldig og bekreftande: "Det er 828 meter ned til vannoverflaten" (ja, ho snakka sossete Oslo-vestkant).

So va det ein fest i bygda då, men eg kjente ingen av dei som var der. Kjedeleg so det va, gjekk eg ut, og utan at eg hadde lagt merke til det, viste det seg at dei hadde laga ei bakgate der, med ei metalltrapp som hang langs den eine veggen. Eg gjekk ned denne trappa, og då kom ein eg kjente, eller eg trudde eg kjente han, springande forbi, og eg skulle til å helse på han. Men han hadde ikkje tid til å leggje merke til meg, for etter han kom ein gjeng frå mafiaen og skaut villt rundt seg. I det eg skulle til å å til sides, var det ein av dei som skaut langs bakken, mest sannsynleg for å treffe føta hass, med maskingevær, men istaden pepra han leggane mine (ja bokstaveleg talt, med krydderet pepar!) . Det svei noke grådigt, og då eg såg ned på leggane mine var det fullt av små, raude prikkar. Kunne det her ha noko å gjere med den blonde sossedama frå tidlegare? Eg fann ut at det beste va å ikkje tenkje meir på det. Sjølv om eg hadde blitt skoten, blødde eg ikkje. Og det var ikkje noko problem å gå. Mafiaen forsette vidare, og eg gjekk ut av bakgata, og møtte endeleg på noken kjentfolk som hade tia te å prate.

Etter litt prating fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur til utmarka ovanfor støylen, no kom det jo til å bli eit skikkeleg gullrush i området, det hadde tilogmed blitt opna ei saloon der. So då reiste vi no opp dar, men meir kan eg ikkje fortelje.

Ingen kommentarer: