tirsdag 5. juli 2011

Om å fylle sommardagane

I dag har eg leita etter livets kjelde blant haiar og sunkne skuter (hurra for barnehagar!), og eg har for fyrste gong i mitt liv følt meg som ein vaktmestar ved å vippe på ein brytar i eit sikringsskåp, og dermed gjort slek at slekta kan koke tevatn til kvelden. Eg har dessutan helst på ei gul åme i dag, som leika pinne, men eg fortalde ho at eg ikkje skulle ete ho, og då smilte ho litt og fann ut at eg eigentleg var ganske morsom å gå på, og kanskje litt varm på grunn av solstrålar eg hadde fanga under huda mi.
Eg vil fly drakar.
Happy Kids Kites by ►CubaGallery

Translation: I fill the summer days with great adventures in the kindergarten, chats with the catepillars, and the wish for kite running.

Ingen kommentarer: