mandag 12. september 2011

Til skogen

Kjem du til å kjenne meg att? I morgon? Vil du hugse den som trødde over mosen og mellom blomen, at det var meg? Eller vil det i morgon ha kome eit nytt preg snikande bak augene, gjennom huda, inn i stemma mi, slik at du ikkje trur det er meg, men nokon andre, nokon som du aldri har høyrt syngje før, og som du aldri har smilt saman med?
I morgon skal eg syngje voggesongen til deg, den eg lærde av ugla. Då skal du vete at det er meg, og dersom ingen syng den, so er eg borte. Men eg skal syngje til deg. I morgon.

Translation: Will you know me? Tomorrow? Will you remember the one who walked over the moss, through the ferns, will you remember that it was me? Or will there have come a new light behind my eyes, beneath my skin, will there have some a new sound in my voice, so that you do not believe it is me, but someone else, someone you've never heard singing before, or ever smiled with?
Tomorrow I shall sing you the lullaby I learned from the owl. Then you shall know it is me, and if nobody sings it, I am gone. But I shall sing to you. Tomorrow.