lørdag 24. september 2011

Vevringutstillinga 2011

To finingar hadde tipsa meg om vevringutstillinga for litt sidan, so i dag for eg og mamma og pappa vestøve der ein i helga kunne/kan nyte kunst i vakre omgjevnadar:
 Fordelt mellom skulen, butikken, ei bu og ein fjøs, hadde 13 utstillarar sett opp sine kreative objekt, og der va so mykje fint! Naturlegvis kom eg ikkje på at eg hadde kamera med før vi var over halvvegs i runda, og då var dar til dømes norke sinnsjukt søte lampar og figurar i keramikk laga av Linda Lothe.
 Penney Rombouts hadde norke magiske lampar som såg ut som sneglehus, hjarter (sånne ekte, altso) og trestubbar.
 I ein ende av fjøsen kunne ein gå inn i eit univers av knappetårn, nåletre, perler, bomullsskyer, dominobrikker, små menneske i rare situasjonar, glitterlim og strikkepinnar. Dama bak denne installasjonen var Marianne Pedersen, og viss eg nokon song skulle laga ein musikkvideo eller nok slikt, so skulle ho fått laga kulissane!
I tillegg var der store tepper, teinkingar, keramikk, måleri, skulpturar og ein blir berre so glad når ein tenkjer på alt det ein såg, og so kunne ein smile til gutar i grøne jakker og briller, damer med lange kjolar og vener som serverer god mat.

Translation: Me and my parents went to an art exhibition, one hour away, and there were so many pretty things there, and the people were so friendly and smiling.

3 kommentarer:

Synne sa...

Så mye sært og spennende! Elsker sånt!

Ida Therese sa...

Å, jeg likte de fuglebildene!

det hørtes koselig ut:)

Regnboge sa...

Synne: Ein må jo nesten det:)

Ida Therese: Det va' det!