fredag 7. oktober 2011

Hybeltradisjonar og musikk

Kanskje ska vi lage ein tradisjon ut av det å ha sopp i middagen kvar gong vi fer på hybelbesøk før Gloppen Scene. Dei ser i alle fall veldig fine ut i lyset som kjem inn frå kjøkenglaset.
Det smakar veldig gødt når ein steikjer det saman med tacokjøtdeig.
 Då passar det òg fint å følgje den fordelingsmodellen av mat på tallerkenen som stod i heimkunnskapsboks på barneskulen som ein eigentleg aldri følgde. Det er særs akseptabelt å ete sånn mat ilag med vener som spelar saksofon og diskuterer teknikk medan ein høyrer på jazz og klassisk musikk.
 Ekstra stas er det sjølvsagt når ein har neglelakk som blenkjer perfekt i lyset.
Når kløkka nærmar seg halv ni, so går ein bort på Gloppen Hotell og høyrer på koslege trubadurar og flinke Special Kids Unit som spelar god, melodiøs rock.

 Translation: This is pretty much what yesterday looked like.

2 kommentarer:

Johanne sa...

Hurra for neglelakk som blenkjer i lyset! Og for god middag. Nomnom

Anonym sa...

Sopp er fint. Sopp er best:)