tirsdag 13. desember 2011

Skikkeleg bloggkonkurranse

Då har eg funne noko eg syns er fint nok til å kunne gje vekk som premie i ein bloggkonkurranse som eg nemnde so vidt, ganske usikker på om eg skulle, for ei god tid sidan. Men no har eg bestemt at det skal bli konkurranse.

Premien?
Ein liten boks med harepusar i ein skog på. Inni vil der ligge ein ring tilsvarande den på handa mi her:

Oppgåva?
Å lage ein ny bloggbunad til denne bloggen. Bakgrunn, header, oppsett og alt kan gjerne bli nytt.

Nokre krav til bunaden?
Neh, du står i grunn ganske fritt. Einaste krav er at dei ein eller anna plass skal stå namnet på bloggen, med undertittel, men det jo ganske greit. Men eg kan jo seie at eg vil ha det litt magisk. Kanskje med glitter? Eller stjerner eller skog eller lunger eller pust eller mjuke ting eller. (Ja, eg har litt vanskeleg for å bestemme meg når eg har masse idear.)

Korleis delta?
Legg att ein kommentar der du seier at du har eit føreslag, og linkar til evt. blogginnlegg/bilde av ditt forslag. (Viss du ikkje har blogg, so kan du sende på e-post).

Kor månge bunadar kan du ha med i konkurransen?
So månge du vil!

Kor lenge vil konkurransen pågå?
Det spørs kor månge som blir med. eg tenkte til over nyttår i fyrste omgong, men viss der er få deltakarar kan det hende eg vil utsetje siste frist.

+++ her er noken bloggar eg syns har skikkeleg fin bunad: himmelseng, terese blåklokke, hysjduskremmerfisken, kval&actionfilm, sitrende, tryllestøv, osv (og ja, desse bloggane er fine i innhald òg, so det er vel verdt turen innom sjølv om du ikkje har lyst til å vere med på konkurransen).

Translation: So, finally I've found a nice prize, that can be yours if you design me a new blog layout. I was pretty tired of the old one, and wish for something a bit more interesting. The only thing you need to do to enter, is to make a suggestion, leave a comment and link to a picture of it or a blog post where you present it.

Ingen kommentarer: