mandag 16. januar 2012

Utan fargar

Nokre gonger gløymer ein fargane. Stavane i auget vil ikkje registrere fargane, det er djupna, konturane som er viktige. Nødvendige. Ein jeger kan ikkje sikte utan, og det er difor ein av og til må late byttet røme. Fargane er der, forstyrrar, fokuset flyttar seg hjelpeslaust omkring utan å finne festepunkt. Eigentleg er det godt å ikkje sjå skikkeleg, og seinare hugsar ein utan fargar. Det er linjene som sit att.

Translatoin: Without colour.

Ingen kommentarer: