tirsdag 20. mars 2012

Om å gå i mørket

winter make good by ugne jaks
Om å sløkkje lommelykta før ein lang sving. Om å dra regnhetta av hovuded og stoppe opp. Lytte. Å late dei kvite stripene på sida av vegen, late den blånke asfalten vere einaste kjelde til lys. Halde ekstra hardt i hundebandet, runde svingen medan du høyrer lyden av rennande, drypande vatn rundt deg. Stopp. Hald hunden tilbake. Tenn lykta og lat den sveipe over grasbakken. Der er dei. To hjortar som står heilt i ro og ser mot lyset. Gjøing.

Om å følgje dei springande kroppane, hoppande. Ikkje redde, berre litt usikre. Ein ynskjer å vere trygg. Ein senker lykta. Ein står fem meter frå eit ungdyr, brunt med regnvått andlet. Rett framfor deg, med dråpar blenkjande i pelsen på halsen.

Du må gå i mørket.

3 kommentarer:

rosapille sa...

Jeg var en meter fra et rådyr for et par dager siden, men turte ikke strekke ut hånden for å klappe pelsen. Tenk om den hadde blitt redd.

kjersti sa...

liv.

motionocean sa...

Åååå. Så flott skrevet - møtte du hjort på ekte?? Teksten er iallfall fiiin!