søndag 17. juni 2012

"Hva skal vi gjøre med friheten vår?"

"Bruke den selvfølgelig," svarar journalisten Alcide Jolivet på rival, kollega og ven Harry Blount sine spekulasjonar i romanen Tsarens kurér av Jules Verne. Åh, kor eg elskar Verne sine bøker. Måten han klarer å flette vitskaplege finurlegheiter inn i dei mest uvitskaplege situasjonar, måten har får heltane til verkeleg å vere heltar, og måten dialogane sit so bra på. Og ikkje minst korleis har klarer å snu den mest håplause situasjon til strålande triumf for våre vener.

Om du ikkje heilt veit kva du skal lese i sommar: les noko av Jules Verne. Eventyra hans passar heilt ypparleg for varme sommardagar ute i hagen eller i skogen, på bussen til ein stad langt vekke, eller inne på sofaen ein regnveirsdag.
(Verne-romanane er ekstra trivlege dersom dei luktar brukt og har gulna sider.)

Translation: I recommend that you read one or five of Jules Verne's novels this summer. Personally, I love his adventures and find them perfect for any situation.

1 kommentar:

motionocean sa...

Jeg skal prøve å huske navnet! Har derimot to tjuuuuukke bøker på leselista, så jeg håper jeg får dem lest!