lørdag 30. juni 2012

Osloeventyr: Cocoa - on the go go!

Fordi Oslo var so utruleg fint, so kjem det til å bli ein del glimt derifrå i tida framøve.
Etter å ha høyrt om denne kakaobaren (berre ordet får ein til å smile!) frå diverse stadar på nettet, vart eg oppriktig glad då eg fekk vite at eine søskenbarnet mitt hadde fått Cocoa - on the go go anbefalt av ei veninne, og av den grunn ville ta meg med dit.

Det fyrste som slo oss var den store variasjonen av smakar, og korleis desse kunne konbinerast utan at det øydela for det faktum at det var kakao vi drakk. Det fungerer på den måten at du vel ein smak på sjølve kakaoen, (og får krem på,) før du so vel topping med ein annan smak. Eg bestilte mørk mint-kakao med rista kokos på toppen, medan søskenbarnet mitt valde karamell med oreo-topping. Eg kan trygt seie at begge desse kombinasjonane fungerte! Min var ganske mild og lett, på eit vis, medan søskenbarnet mitt sin var ein del fyldigare og litt søtare. Begge var gode, og begge smakte det dei skulle smake, samtidig som det smakte kakao.
 Sjølve lokalet var utruleg triveleg, det var ganske lite, men ikkje trykkande på nokon måte, og eit stort pluss i margen var at dei hadde ekspress-bar, sånn at om du berre fer litt hastig forbi, so kan du likevel få med deg ein god køpp kakao.
 På det bordet vi sat var det ein eukalyptus-plante som hadde fått ei lita helsing påskrive eit av blada, og det var i grunn smilefint.

Translation: in Oslo there's a cocoa bar named Cocoa on the go go, and I highly recommend that place to anyone visiting or living in the city.

3 kommentarer:

Gitte sa...

Cocoa - on the go go har jeg hørt masse fint om! Høres ut som en perfekt måte å få igjen varmen på under regnværsdager i byen.

Johanne sa...

Å, forhåpentligvis blir det ein Oslotur på meg i sommar, då må eg dit! Har skrive det ned.

Johanne sa...

Det skjedde noko når eg posta kommentar, så om det kjem to gonger no er det fordi eg skriv ein gong til tilfelle den ikkje vart sendt:
Skal forhåpantligvis ein tur til Oslo i sommar, og då skal eg garrantert ein tur hit! Det er notert :)