søndag 10. juni 2012

Tenthredo mesomelas

Det er det latinske namnet på denne bladkvepsen (som nesten kan sjå ut som om den vart fargelagd med neonfarga plast på 90-talet ein gong). Eg finn ikkje det norske namnet på denne arten som er ein av omlag 400 kjende bladkvepsar i landet. 

Eg trur det var ganske greit at eg tok den vekk ifrå keisarkrunene til mamma, fordi at dersom det var ei hoe såg det ut som om ho leita etter ein plass å leggje egg, noko som ikkje hadde vore det beste for blomane. Egglegginga føregår ved at hoa lagar eit snitt i bladverket på blomen og legg eitt enkelt egg i kvart snitt. Totalt legg ei hoe rundt 50 egg. Når larvane klekker vil dei ete av planten og øydeleggje den.

Den vaksne bladkvepsen lever berre i eit par dagar.

Translation: This fellow, with the Latin name of Tenthredo mesomelas, wandered around on our tiger lilies.

5 kommentarer:

Milla sa...

tusen tusen takk, det varma hjerta mitt <3

motionocean sa...

Bladveps? Stikker den som vanlig veps??? Nå lærte jeg nytt, takk for det! Det er lettere å huske sånt når man lærer det utenom skolen ;)

Synne sa...

åååh, så diger! Jeg ville nok hatt et litt anstrengt forhold til den der, men så fin farge han har!

Regnboge sa...

Siv: det står ikkje noko i bøkene om at den stikk, og den angreip ikkje meg. Men eg har ein tendens til ikkje å tenkje på korvidt den stikk eller ikkje før etter at eg har halde den i handa. Og då stikk dei som regel ikkje.

faehe sa...

å fint. gøy å studere