lørdag 27. oktober 2012

Oktoberlesnad

Tonje Glimmerdal: Ei slik bok eg ser fram til å lese til noken, og den er dessutan eit av bevisa på at barnelitteratur kan underhalde vaknse lesarar òg. "Fart og sjølvtillit" gjennomsyrer verkeleg boka, og der er både mykje handling og mykje varme, og fleire stunder der du må le og/eller riste på hovudet. Lettlest og fin avslapping frå pensumlesing (sett vekk ifrå det faktum at nettopp denne boka var pensum for min del).

Hässelby: Om Albert Åberg som vaksen, om alt for månge demonar og om korleis verda endar. Du blir veldig fort dregen inn i denne boka, og sjølv om ting i siste halvdel gradvis blir meir ulogisk og forvirrande, so vil du helst lese vidare. Og når du so let att permane etter å ha lese siste setninga vil du kanskje trenge litt tid på å la den synke inn, men etterkvart skjønar du kor bra boka er.

Lys: Ei vakker bok som skildrar ein dag i Monet-familien sitt liv, frå den tidlegaste morgontimen til den stunda då alle i huset er gått til ro. Synsvinkelen skiftar mellom dei månge karakterane, og sjølv om det kan vere vrient å følgje med i starten blir biletet tydlegare etter kvart. Språket er poetisk og det er ei fryd å lese medan vakre bilete dukkar opp i hovudet ditt.

R.E.M. Fiction: An Alternative Biography: Før eg byrja på denne boka var R.E.M. eit av mine yndlingsband. No er dei truleg yndlingsbandet. Denne biografien høver både for dei som har elska musikken so lenge dei kan hugse og for dei som nyleg har oppdaga gruppa og er nyfikne på bandet sin bakgrunn og prosessar som har forma dei.

Translation: These are the books I've read in October. I would recommend all of them.

2 kommentarer:

Maren sa...

Jeg liker å lese om det du leser <3

motionocean sa...

Bok om REM? Hmmm, kanskje jeg må vurdered et! Og Albert Åberg som voksen! Så spennende!