tirsdag 13. november 2012

Nokre gonger kjenner du deg usikker, du lengtar mot noko som ikkje er i livet ditt her og no. Noko som ligg bakover i tida, eller kanskje ligg det ein stad langt der framme, so langt vekke at du ikkje kan sjå det heilt klårt endå. Du berre anar konturane av det, veit at det er der, veit at du ikkje klarer å røre ved det. Ikkje no.

Men det kjem dagar då du er ein plass midt mellom det som ligg før og etterpå. Det kjem dagar der du er heilt sikker på kor du er og at det er der du skal vere, at du er på riktig veg. Du veit at du høyrer til der du er. Akkurat no.

Translation: Sometimes you feel insecure, you long for something that is not a part of your life for the time being. It's something from the past or in the future, somewhere so far away that you can't even make out what it is. You just sense its existence, and you know you can't reach it. Not now.

But there will be days when you are somewhere right in between what has been and what will be. There will be days when you are certain of where you are, and when you know that this is where you ought to be, you're moving in the right direction. You know you belong to where you are. Just now.

1 kommentar:

motionocean sa...

Sånne dager er fine - når man klarer å verdsette de gode dagene.