fredag 8. februar 2013

Lupinar (Marie Takvam)

Sommarens lupinar ropar til meg:
Hagl og stormar bryt oss ned mot jorda,
ørsmå dyr har gnaga våre røter.
Jorda di er mager!

Vi kan brytast, vi kan bli gnaga,
tørkast eller bløme imot sommaren.
Men om vi blømer eller ligg og rotnar,
så er vi lupinar.

Frø bar all vår form og vår farge.
Lær av oss og sjå på blada i ditt gulna album:
Om du faldar dine blomar og blad ut i lyset,
om du blir gnaga, om du bleiknar, visnar,
er det einast du som kunne fødast ut av frøet.

Du er du og ingen annan,
slik lupinar blir lupinar
når alt frøet fell i jord.

2 kommentarer:

regndrope sa...

Men om vi blømer eller ligg og rotnar,
så er vi lupinar.
<3

Benedicte sa...

Dette var fint.
(forresten hva betyr gebus? eller jeg tror det er en forkortelse men ja. hihi)