tirsdag 10. september 2013

September, je t'aime

Ved turstien blir det fleire og fleire gule blad, og når sola skin gjennom dei gråblå haustskyene, blir alt gull. Ein les fag og ler med vener om ein annan, vekslar på å vere innanfor og utanfor husveggane, dreg pusten djupt inn og kjenner på alle luktene som høyrer hausten til. Det er som om hausten hjelper ein å puste, slek at det blir lettare å ta til med ting som ein eigentleg ikkje har sett seg tida til, eller som ein eigentleg ikkje har hatt mot til, men som ein innerst inne har hatt lyst til (sjølv om det er noke som kan verke ganske lite).

2 kommentarer:

Johanne sa...

Hausten er mi favorittårstid. Mange trur eg er gal, og ja eg er utrulig glad i sommaren med sine lange netter og skjørt-utan-strømpebukse-dagar også, men hausten er min favoritt med sin klåre luft og regnværsdagar med ien kopp varm te.

motionocean sa...

Jeg liker høsten. Jeg liker alle årstider! Og nå har høsten kommet, har jeg endelig skjønt. Det er ikke så dumt å gå på fjellet i regn og tåke, altså!