torsdag 7. august 2014

Stjernesong

Kvart år, når sommaren er på sitt lysaste, gløymer eg kor vakker stjernehimmelen er. Kvart år, når sommaren langsamt glir over mot haust, oppdagar eg kor mykje eg har sakna den. Det blåsvarte djupet med millionar av funklande små lys på, det duse lerretet med ei einsleg stjerne på. Lengten er like stor, same kor mange dei er. Og lengten veks seg større og større inne i bringa til det kjennest ut som om ein må anten sveve eller sprekke.

So syng eg stjernekikkarsongen og får til begge deler på same tid.




Bileta er lenka

2 kommentarer:

Gitte sa...

Nydelig skrevet og nydelige bilder!
«Og lengten veks seg større og større inne i bringa til det kjennest ut som om ein må anten sveve eller sprekke.» ♥

Linda Terese sa...

Å ja, stjernehimmelen er noe av det fineste når høsten kommer. Å reise litt ut av Oslo, kjenne lukten av høst, og se og se og se og se - alle stjernene